Gjesteførelesing og samarbeid med Tokyo University for Foreign Studies
Onsdag 20. april held Peri Bhaskararao frå Tokyo University for Foreign Studies gjesteførelesing ved Høgskulen i Volda om minoritetsspråk og spesielt arbeidet med det sørindiske Toda språket. Tittelen på førelesinga er Phonetic complexity and orthography issues of Toda language.
Onsdag 20. april kl. 10.15 - 11.00 ved Høgskulen i Volda, Hans Strøm-huset, rom 245.
- Peri Bhaskararao er språkforskar ved TUFS (Tokyo University for Foreign Studies), og har vore medarbeidar på det UNESCO-støtta prosjektet Endangered Languages of the Pacific Rim.Bhaskar kjem opphavleg frå India, og har jobba med å skriftfeste det sørindiske språket Toda, som han vil ta føre seg i førelesinga, fortel professor Stephen Walton ved Høgskulen i Volda.
- Dette er første gongen han er i Noreg, og kombinerer førelesinga her i Volda med mellom anna ei vitjing hjå lingvistane ved Universitetet i Uppsala.
Nytt forskingsprosjekt om språkvern og språkdaud
- Ivar Aasen-instituttet arbeider no med ein søknad til eit nytt forskingsprosjekt om språkvern og språkdaud, og vi håper at vi vil kunne få til eit samarbeid med dette miljøet i Osaka (Japan).
- Instituttleiar ved Institutt for Nordisk, Odd Monsson og eg var i Tokyo og besøkte Bhaskar for eit par år sidan, så det vert spennande å møte han att her i Volda, seier professor Walton.