Konferanse om Nynorsk i opplæringa

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Konferansen vil ein setje søkelys på nynorskopplæringa i den 13-årige grunnopplæringa, frå barnehagen til og med vidaregåande skule, fortel Nordal.
- Lærarutdanninga og dei utfordringar ho har i høve til nynorskopplæringa, både som hovudmål og sidemål, vil òg vere eit aktuelt emne på konferansen.

Tospråksituasjonen i Noreg er verna og regulert av lover og reglar, men utfordringane er store når det gjeld å få til nynorskopplæring som er motiverande og interessant for elevar og lærarar. Konferansen vil dra fram positive erfaringar og grunnleggande granskingar som lærarar og forskarar har gjort i høve til nynorskopplæringa.

Konferansen skal markere at arbeidet ved det nye Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, er i gang. I senteret sitt mandat frå Utdanningsdirektoratet er det sagt at senteret skal leie og koordinere arbeidet med å utvikle innhaldet i nynorskopplæringa, arbeidsmåtar og vurderingsformer. Senteret vil på denne måten motivere til å forbetre nynorskopplæringa på alle nivå i opplæringa.

Innleiarar på konferansen er Knut Åge Teigen frå prosjektet ’Betre sidemålsopplæring i Bærum’, Torill Tørjesen frå Holmlia skole, Kjell Lars Berge frå Universitetet i Oslo, Roger Lockertsen og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen frå Universitetet i Stavanger, Synnøve Matre frå Høgskolen i Sør-Trøndelag og Benthe Kolberg Jansson frå Høgskolen i Østfold.

 

www.nynorsksenteret.no

Del på