Professor Per Halse ved Institutt for religion og livssyn er aktuell med to nye bøker som både forskarar, studentar og ålmenta vil ha glede og nytte av å lese. «Norsk kristendomshistorie» er skriven saman med professor Hallgeir Elstad og «Historia om Fyrebilsbibelen», den fyrste bibelen på nynorsk, er skriven saman med professor Anders Aschim.