Pris for kvalitet i utdanninga 2021 til Eikrem

Pris for kvalitet i utdanninga 2021 ved Høgskulen i Volda (HVO) går til førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem.

Trudi Henrydotter Eikrem ved Avdeling for samfunnsfag og historie vant i 2021 prisen for kvalitet i utdanning etter å blitt skildra som «ein svært dyktig undervisar som legg stor vekt på kvalitet i undervisninga og utdanninga».

Tekst: Karl August Swanstrøm, Foto: Vasco Pinhol

- Oppdatert

Del på:

Pris for kvalitet i utdanninga 2021 ved Høgskulen i Volda (HVO) går til førstelektor Trudi Henrydotter Eikrem.

Eikrem seier ho er takksam for prisen og at det ikkje hadde vore mogleg utan det gode miljøet på instituttet ho jobbar i.

– Eg er veldig glad i fotball og vil i den forbindelse trekke paralleller til idretten. Det er kanskje spissen som scorar flest mål, men hadde det ikkje vore for spelarane rundt ville spissen aldri ha scora. Slik er det på instituttet vårt også. Vi jobbar som eit lag og speler kvarandre gode, seier Eikrem. 

Her er grunngjevinga for pris for kvalitet i utdanninga 2021 ved HVO: 

Trudi Henrydotter Eikrem er skildra som ein svært dyktig undervisar som legg stor vekt på kvalitet i undervisninga og utdanninga.

Eikrem arbeidar aktivt for å byggje ein kultur for utvikling og læring i studentgruppa. Dette gjer Eikrem gjennom variert undervising, studentaktive læringsformer, gruppearbeid, ekskursjonar og god bruk av digitale verktøy.

Kandidaten har også nytta Læringsverkstaden, studio, Veksel-Strøm, Canvas og samarbeid med eksterne på ein framifrå måte inn i undervisinga.

Nominasjonane legg også vekt på at Eikrem er "ein engasjert, sprudlende og imøtekomande foreleser som fører til at studentane hennar føler seg sett og blir engasjert av hennar vesen og veremåte."

På bakgrunn av dette tildeler styret ved Høgskulen i Volda pris for kvalitet i utdanninga 2021 til Trudi Henrydotter Eikrem.

Les statuttene for prisen her.

Historikar

At prisen skulle gå til Eikrem vart klart i styremøtet ved høgskulen torsdag 9. desember.

Eikrem er tilsett ved Institutt for planlegging, administrasjon og samfunnsfag ved Avdeling for samfunnsfag og historie.

Ho er utdanna ved HVO både i mediefag og grunnfag i norsk, samt historie.

Eikrem har også mellomfag og hovudfag i historie, i tillegg til PPU.

Mellom 2009 og 2016 hadde ho ei stipendiatstilling der ho både underviste og jobba med avhandling i historie.

I dag underviser ho i læraremnet for historie. 

 

Del på: