Nyhende

  • Stor satsing på idrett og friluftsliv

    Publisert

    Seksjon for idrett og friluftsliv kan tilby grunnutdanning og fordjupingsstudium i både idrett og friluftsliv. Med gode fasilitetar og Sunnmørsalpane som klasserom ligg forholda godt til rette for studentane. – Det er stor pågang, og vi må følgje med i marknaden. Seksjonen ønskjer fleire bein å stå på, og satsar derfor på to felt innanfor fagområdet, seier seksjonsleiar og bachelorkoordinator Elisabeth Innselset.

  • Tryggare på lærarrolla med "Nytt på nytt"

    Publisert

    Ei gruppe nyutdanna lærarar deltok torsdag 19. februar på samling i prosjektet ”Nytt på nytt”, rettleiing av nyutdanna i regi av høgskulen.
    – Det ser ut til at det er forventa at vi kan alt når vi kjem ut som nyutdanna. Vi får ein nøkkel i handa, og der står vi utan heilt å vite korleis vi skal takle utfordringane vi møter. Vi blir oppfordra til å stille spørsmål om det er noko vi lurer på, men alle har det så travelt så det er vanskeleg å få det til, uttaler dei nyutdanna.

  • Noregs sprekaste studietilbod?

    Publisert

    Austral-asiatiske kulturstudium er kanskje Noregs sprekaste studietilbod, og er berre for deg som studerer ved Høgskulen i Volda. Studiet passar inn i dei fleste bachelorgradene ved høgskulen, og er eit samarbeid mellom HVO og Griffith University i Brisbane.

  • KRL nettbasert – fleksibel studieordning

    Publisert

    Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag har ulike studietilbod der ein kan velje mellom nettbasert eller samlingsbasert undervisning.
    - Det er fleire som ønskjer å studere KRL frå andre stadar i landet, og sidan emnet kan innpassast i både bachelorgrader og lærarutdanning er det eit fleksibelt tilbod, seier instituttleiar Ralph Meier.