Studentliv

  • Mediestudentar i India på reportasjearbeid

    Publisert

    Tolv studentar frå Avdeling for mediefag tek studiet Reportasjearbeid i framand kultur. No har dei vore på reise i India i litt over ei veke. Læringskurva er bratt og humøret og samhaldet er upåklageleg, melder Jan Ytrehorn og Torgeir Dimmen frå India, begge høgskulelektorar ved avdelinga.

  • Forskingsdagane: PR-studentar kommuniserer ENØK

    Publisert

    Studentar ved Bachelorgradsstudiet i PR, kommunikasjon og media imponerte representantar frå lokale kommunar med sitt kommunikasjonskonsept om energisparing og ENØK. Dei presenterte prosjektet under Forskingsdagane sitt Klimaplan-seminar denne veka.

  • Val av studentar til HVO-styret

    Publisert

    – Viss du er oppteken av din eigen studiekvardag, er styret for Høgskulen i Volda (HVO) plassen å vere, seier avtroppande studentrepresentant Sunniva Bolseth. Saman med leiar i valstyret, Per Johan Ramsli, skal ho i dag rundt på campus for å motivere studentane til å stille til val til dei to plassane studentane har i det øvste organet ved HVO.

  • AnimationVolda tjuvstartar idag

    Publisert

    AnimationVolda tjuvstartar i dag med vising av industrianimasjonsfilmar frå Norden og Baltikum på Volda turisthotell kl. 19.00. Ulstein Group og Kleven Maritime har gitt 20.000 i pengepremiar til dei beste filmane.

  • Animation Volda for femte gong

    Publisert

    Animasjonsfilmfestivalen Animation Volda blir arrangert for 5. gong 15.- 17. september. I år er temaet animasjon og musikk, og blant dei mange spennande internasjonale gjestane er skaparane av musikkvideoen til ”Take on Me” av A-Ha.

  • iPhone-app for Fadderveka 2011

    Publisert

    MID-studentane Chris Håvard Berge og Kristoffer Eidsnes har laga ein iPhone-app for Fadderveka. App’en er no tilgjengelig i AppStore og har gjeve HVO mykje god omtale i ulike sosiale medium.

  • Grete Forsmo ble årets student

    Publisert

    Grete har de siste tre årene vært en forkjemper for studentene sine rettigheter. Både faglige, sosiale, velferdsmessige, demokratiske og økonomiske. Ved Høgskulen og gjennom sine verv i Studenttinget og Norsk studentorganisasjon. Absolutt en verdig vinner er juryen enige om.