Animation Volda for femte gong

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Animasjon og musikk

I dagane før festivalen vil musikaren og komponisten Nik Phelps leie ein verkstad med tittelen «Film music: Planning, creating and recording» for musikk- og animasjonsstudentar ved HVO.
 
- Dette er eit samarbeid mellom Avdeling for kulturfag ved komponisten Magnar Åm og Avdeling for mediefag. Amerikanske Nik Phelps, som no er busett i Belgia, har mellom anna samarbeidd med kjente musikarar som Frank Zappa og Tom Waits, seier festivalgründer Gunnar Strøm.

Eitt av høgdepunkta i år blir møte med Michael Patterson og Candace Reckinger frå USA.  Det var dei som laga animasjonen til «Take on Me» som A-ha fekk sitt store gjennombrot med på midten av 80-talet.


Normand Roger, kanskje den mest kjende komponisten av musikk for kunstnarleg animasjon i verda i dag, tek turen frå Canada for å bidra på årets festival. Roger har laga musikk til ikkje mindre enn seks Oscar-vinnarar.

Canada og Sverige

Animasjonsutdanninga har ved fleire høve hatt studentar i praksis hos Marcy Page som er produsent ved National Film Board of Canada. Ho har mellom anna produsert Torill Kove sin Oscar-vinnar «Den danske dikteren».

Filmtecknarane i Stockholm er den leiande produsenten av animerte kortfilmar, reklamefilmar og musikkvideoar i Norden. Ein av stiftarane av selskapet og den mest profilerte regissøren, Jonas Odell, har signert «Tussilago» som årets opningsfilm.

Studentfilmar frå Norden og Baltikum

Som vanleg vil nye animerte studentfilmar frå Norden og Baltikum bli vist under festivalen. Ein jury skal velje ut studentfilmar som skal konkurrere om «Golden Gunnar» under Fredrikstad Animation Festival i november.  Ein annan jury med Marcy Page, Michael Patterson og den kjende journalisten Nancy Denney Phelps, skal velje ut dei profesjonelle filmane som også skal konkurrere om heider og ære i Fredrikstad.

Industrianimasjon

Festivalen følgjer opp satsinga i fjor på industrianimasjon. Det vert ein eigen konkurranse for beste nordisk-baltiske industrianimasjonsfilm, og eit fagleg seminar for næringslivet på Sunnmøre om dette.

Ein festival organisert og driven av studentar

Animation Volda blir arrangert av animasjonsstudentar ved Høgskulen i Volda med støtte frå animasjonsutdanninga ved Avdeling for mediefag. I år består festivalleiinga av dei kroatiske studentane Anja Malec, Ivan Dujmusic og Lara Zlatar.

- Eitt av suksesskriteria for Animation Volda er at det er studentar som står bak festivalen, seier Gunnar Strøm.

992759a53b3565713ccf283e88c542526befac92

Lærarar ved animasjonsutdanninga i Volda: Andres Mänd, Gunnar Strøm og Dave King saman med Anja Malec. King er sentral i stasinga på industriell animasjon


Triveleg atmosfære

Mange av bidragsytarane som kjem til festivalen synest det er veldig koseleg å kome til vesle Volda. Dei ser på det som ein slags ferie.

- Her kan dei roe ned blant bransjefolk og studentar, og presset frå media er lite samanlikna med det dei opplever i Europa, seier Anja Malec.

Gå til Animasjon Volda


 

Del på