Studentsørvis

  • Volda-student startar annonsemarknad

    Publisert

    Espen Faugstad (23) er student ved bachelorgradstudiet Media, IKT og Design. 1. august lanserte han saman med Ole-Tørres Nordstrand (25) og Øystein Kalvenes, annonsemarknaden ABC Annonse. Utrusta med mobilapplikasjon ønskjer dei no å gjere det enklare og billegare for studentar å annonsere.

  • Animation Volda for femte gong

    Publisert

    Animasjonsfilmfestivalen Animation Volda blir arrangert for 5. gong 15.- 17. september. I år er temaet animasjon og musikk, og blant dei mange spennande internasjonale gjestane er skaparane av musikkvideoen til ”Take on Me” av A-Ha.

  • iPhone-app for Fadderveka 2011

    Publisert

    MID-studentane Chris Håvard Berge og Kristoffer Eidsnes har laga ein iPhone-app for Fadderveka. App’en er no tilgjengelig i AppStore og har gjeve HVO mykje god omtale i ulike sosiale medium.

  • Rolf Werenskjold med to bidrag i ny bok om 68-opprøret

    Publisert

    Rolf Werenskjold, førstelektor i mediehistorie ved Høgskulen i Volda, bidrar med to kapittel i ei ny bok om studentopprøret i Europa frå slutten av 60-talet og fram til 1980. «Between Prague Spring and French May» kjem ut på det prestisjetunge forlaget Berghahn Books med base i Oxford og New York.

  • Artist in residence hos Seanse i veke 32

    Publisert

    Seanse - senter for kunstproduksjon ved avdeling for kulturfag - vil i perioden måndag 8. til fredag 12 august få besøk av over 30 kunstnarar frå heile landet. Høgskulen blir laboratorium for utforsking, produksjon og utprøving av kunstprosjekt for barn og unge innan alle sjangrar. Onsdag 10. og torsdag 11. august kl. 20.00 vil det vere open scene med smakebitar frå arbeid i prosess!

  • Ugjerningane i Oslo og på Utøya

    Publisert

    Høgskulen i Volda uttrykkjer medkjensle med alle som er ramma av ugjerningane i regjeringskvartalet og på Utøya. Det er med stor sorg vi prøver å forstå det som har hendt. Studentar som treng profesjonelle å snakke med, kan kontakte rådgjevingstenesta ved høgskulen.


  • Rekordopptak, men framleis ledige studieplassar

    Publisert

    Høgskulen i Volda har framleis ledige studieplassar på nokre studium på Restetorget. – Vi har ledige studieplassar på eit utval bachelor- og yrkesutdanningar, nokre årsstudium og fleire deltidsutdanningar. No gjeld prinsippet «første mann til mølla», seier studiedirektør Gonnie Smit.

  • Jobbar i same kommune

    Publisert

    Trine Ole Magne og Charlotte var ferdig utdanna frå Høgskulen i Volda for eitt år sidan. Dei har valt heilt ulike utdanningar men enda opp med same arbeidsgjevar, Herøy kommune.