Jobbar i same kommune

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

363fa6c96a2e0952ff4b3b8fa00d7b801bb20add

Trine Rætta (27) er utdanna bachelor i barnevernspedagogikk. Ho er no barnevernskurator i Herøy kom-mune. Studiet i barnevernspedagogikk har gjort meg til ein reflektert yrkesutøvar. Gjennom studiet har eg fått trening i å sjå ulike situasjonar frå andre menneske sin ståstad. Eg har fått eit opnare syn på menneske og verda rundt.

Ole Magne Rotevatn (25) har ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon. Han arbeider no som planleggar i Herøy kommune. – Eg har i jobben min som planleggar hatt godt utbytte av studiet i planlegging og administrasjon. Det har gitt meg ei heilskapleg forståing for korleis samfunnet fungerer og samspelet mellom privat og offentleg sektor.

Charlotte Hauge (33 år) er utdanna bachelor i PR, kommunikasjon og media, og er no informasjonskonsulent i Herøy kommune. Utdanninga i PR, kommunikasjon og media gir mange ulike val i yrkeslivet. Behovet for folk med kunnskap om kommunikasjon er etterspurde på mange samfunnsområde.

Etterspurde yrkesutdanningar

Høgskulen i Volda tilbyr mange etterspurde yrkesutdanningar innanfor mediefag, lærar- og ørskulelærarutdanning, sosialfag og samfunnsplanlegging. Du finn også eit breitt utdanningstilbod innanfor språkfag, realfag, historie, musikk, idrett og friluftsliv, kunst og handverk og drama.

Høgskulen tilbyr i alt 16 bachelorgrader og 5 mastergrader.

Del på