Rekordopptak, men framleis ledige studieplassar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studiedirektøren fortel at dei som vil søkje på studia høgskulen har i Samordna opptak (SO), kan søkje direkte på sidene til SO: www.samordnaopptak.no

Auke

Hittil i år har høgskulen hatt ein auke i Samordna opptak (SO) på 13 %. Størst søknad har det vore på sosionomutdanninga og medieutdanningane.

0c033fa7fb55786b7548ec09cfeb325837ae3be5

– Sjølv om Høgskulen i Volda har gjort eit godt opptak i 2011, ser vi gjerne at vi får fleire søkjarar til grunnskulelærarutdanningane, seier opptaksansvarleg Ragnhild Paulsen Hamre, høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. og studiedirektør Gonnie Smit..

Rekordstort opptak

Høgskulen har også eit lokalt opptak der det framleis er løpande opptak til ei rekkje studium (sjå www.hivolda.no/tilbod)

– I det lokale opptaket har vi til no hatt ein auke på over 20%. Opptaket i 2011 ligg soleis an til å bli eit rekordstort opptak, slår høgskuledirektør Jacob Kjøde jr. fast.

Del på