Anita Dyb Linge har disputert ved HVO

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Fredag 3. juni disputerte Anita Dyb Linge for ph.d.-graden ved Høgskulen i Volda med avhandlinga: Self-Efficacy and Work-Related Factors Associated with Return to Work in a Vocational Rehabilitation Programme with a Lifestyle Focus – A Prospective Observational Study.

Linge har i si doktorgradsavhandling undersøkt ei gruppe personar, mellom 18 og 67 år, som står i fare for eller har falle ut av arbeidslivet grunna fedme eller fedmerelaterte sjukdomar. Personane har deltatt på eit 12 månaders arbeidsretta rehabiliteringstiltak med livsstilsfokus ved rehabiliteringssenteret Muritunet. 

Sjå prøveforelesninga og disputasen til Linge her.

Samanstilling av funn i avhandlinga framhevar «kva som påverkar det å stå i arbeid», «kva må til for å returnere tilbake til arbeid etter sjukefråvær», «kva som påverkar langvarig sjukefråvær» og ytre forhold som påverkar arbeidsdeltaking. Deltakarane si tru på å meistre livsstilsendring og arbeidsdeltaking har betydning for å nå eigne mål både under og etter rehabilitering. 

Konklusjonen i avhandlinga understrekar at arbeidsdeltaking og livsstilsendring er ein samansett og kompleks prosess som er påverka av kroppsstørrelse, arbeidsevne, livskvalitet og meistringsforventning for arbeid. Dessutan er arbeidsdeltaking viktig for deltakarane sin livskvalitet og er knytt til meistringstru og tidlegare arbeidserfaringar.

Anita Dyb Linge (47) er busett på Linge i Valldal. Ho har ein Master of Public Administration frå Copenhagen Business School frå 2010. Både før, under og etter stipendiatperioden ved Institutt for Sosialfag har ho vore tilsett som Forskings- og utviklingsleiar ved Muritunet. Stipendiatstillinga vart oppretta etter ei løyving frå Møre og Romsdal fylkes høgskulefond. I mai 2022 blei Linge tilsett i ei deltids forskarstilling ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda i prosjektet Mandatory Reporting of Intimate Partner Violence.

Sjå programmet

Del på