ALTERNATIV VEG TIL LÆRAR I KUNST OG DESIGN

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

931f08e8ec31c37f060e038d9f7e5d0c
Deformert egg i betong og tre.

Studentar ved faglærar i Formgiving, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda utforskar forholdet mellom gjenstandar og omgjevnader i det nye emnet Objekt i rom. Forteljingar blir skapte når materialar blir sett saman, eller gamle gjenstandar endrar innhald i kontakt med nytt miljø. Denne veka besøker studentar og lærarar kulturmetropolen Berlin der dei søkjer kunnskap og inspirasjon til neste oppgåve. Når studentane landar på norsk jord får dei tildelt eit nakent rom. Rommet skal så forvandlast, endre karakter, bli prega av andre forteljingar enn dei som har vore der før. Arbeidet blir dokumentert gjennom stillfoto-animasjonar, kvar dag, til same tid, frå same vinkel.

4658950cf3ac6ae559d4b6f7ee7121af
Omvising på Hamburger Bahnhof i Berlin. Her: Andy Warhol. 

Åshild Sævik underviser ved studiet, og fortel at fleire unge ikkje er klar over at der fins ulike vegar til læraryrket.
– Slik situasjonen er no profilerer Grunnskulelærarutdanninga teorifaga i skulen. For den som har ønske om å verte lærar i dei praktiske og estetiske faga er det mogleg å gå ulike årsstudium, og avslutte med eit fjerde år Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Men PPU har stor pågang, og mange studentar opplever at denne karrierevegen er usikker.

Faglærarstudiet i kunst og handverk gjev rom for fagleg fordjuping i tre år, med integrert pedagogikk og praksis. Utdanninga gjev høve til jobb i heile skuleverket frå 1. til 13. klasse. Mange nyttar også faglærarutdanninga som springbrett for vidare studiar, mastergrad i faget eller profesjonsutdanningar i design, arkitektur eller kunst. Leiar ved studiet, Karen Brænne, kommenterer:
– Fleire av våre studentar toppar faglærarutdanninga med eit fjerde år i eit anna skulefag, og får slik større jobbmoglegheiter ved dei små og mellomstore skulane. Det er også openbart at behovet for faglærarar i dette faget er stort. Mindre enn 30% av nyutdanna lærarar har studiepoeng i dette faget, syner ei fersk undersøking frå SSB.

Del på