Sløydforsking frå Volda til Sverige

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Det byrja med ein modig metode. No kan Volda-forsking på handverksundervisning hamne på pensum i Sverige.

Då førsteamanuensis Karen Brænne og høgskulelektor Sissel Midtlid skulle forske saman, var det med kvarandre som forsøkskaninar. Sissel skulle lære Karen å dreie leire, og opplæringa blei filma og nøye analysert – eit detaljert og personleg stilstudium av ein undervisningspraksis ved Høgskulen i Volda (HVO).

Arbeidet resulterte i den vitskaplege artikkelen «Med videofilm som reiskap. Eit kollegasamarbeid om å utvikle handverksundervisning». Metoden har vekt interesse, og no har det svenske Utdanningsdirektoratet (Skolverket) omsett artikkelen til svensk for bruk i den svenske skulen.

– Det er eigentleg ganske gjævt, og litt uventa, at dei har leita opp forskinga vår i vesle Volda, smiler Brænne.

Kan styrkje nordiske fagspråk

Brænne og Midtlid arbeider ved Institutt for design, kunst og handverk på Avdeling for kulturfag. Her er dei mellom anna aktive i drifta av læringsressurssen KHdele, der fagartiklar om kunst og handverk blir formidla på ein tilgjengeleg måte.

Til vanleg skriv dei sjølve på anten norsk eller engelsk, men ser ikkje vekk frå at aktiv kunnskapsdeling i Norden, gjennom til dømes omsetjing av forsking og samarbeid i nettverk, kan styrkje dei nordiske fagspråka overfor engelsk.

Karen og Sissel
Førsteamanuensis Karen Brænne (t.v.) og høgskulelektor Sissel Midtlid. Foto: HVO/privat.

Modig forskingsmetode

Brænne og Midtlid er opptekne av det praktiske i undervisninga. Når forskingsarbeidet til dei to HVO-arane no blir tilgjengeleg på svensk, kan funna deira lettare nå både UH-sektoren og lærarane i Sverige – og håpet er at artikkelen dermed kan hamne på pensum i nabolandet.

– Det er nok metoden vår med kollegarettleiing gjennom film som er det nyskapande i arbeidet vårt, og som gjer at vi har fått denne merksemda, meiner Midtlid.

Brænne, som tok rolla som eleven til kollegaen sin ved dreieskiva, trur det personlege i metoden deira gjorde forskinga ekstra spennande:

– Eg og Sissel kjenner kvarandre godt, men har aldri før detaljstudert kvarandre si undervisning. Det er ein ganske sårbar situasjon, der ein blir veldig konkret og «avslører» kvarandre, fortel Brænne.

– Sissel var ganske modig som lét meg sitje der og granske henne, men ho er jo trygg og erfaren i faget sitt. Det var dette svenskane synest var spennande, sidan det vanlege jo er at ein les og diskuterer tekstane til kvarandre, medan vi var tett på, personlege og ærlege, forklarer Brænne, og legg til at ei slik autoetnografisk tilnærming er meir vanleg i til dømes det utøvande kunstfeltet.

Tradisjonelt her heime, hipt der ute

Sløydfaget fungerer litt ulikt i dei nordiske landa, og i Sverige omfattar slöjd til dømes både tre- og tekstilarbeid.

– Sverige har lange tradisjonar i sløyd, så Noreg har sett mykje til Sverige når det gjeld handverksdelen av faget. Og så har nok dei sett til oss, sidan det spesielle i Noreg er at vi har samla tre ganske forskjellige fagområde i eitt fag: kunst, handverk og design, forklarer Brænne.

Det digitale har lenge hatt mykje plass i klasserommet, og mange forbind kanskje derfor sløydfaget med biletet av ein traust og «gamaldags» skule. Men i det internasjonale fagmiljøet er tvert om sløyd eit hipt konsept:

– Vi møter til dømes fagfolk i USA som synest sløyd er spennande og eksotisk, og fenomenet har internasjonal merksemd. Der andre har teknologifag, kunstfag og fine arts, er det å følgje materialet frå det står på rot i skogen til det er eit heilt ferdig produkt, og ikkje berre ein prototype, ganske unikt for Norden, avsluttar Brænne.

Del på