Drama med eksamensframsyningar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Fredag den 21.mai hadde to grupper i andre klasse ved Bachelor i teater og drama eksamen i dokumentarteater. Tema var incels, om menneske som lever i ufriviljug sølibat, og fenomenet sugardating. – Dette er viktige og relevante tema fortalt gjennom vandreteater og interaktivt teater, seier fagleg ansvarleg førstelektor Vibeke Preus.

Vibeke Preus
Førstelektor Vibeke Preus.

I emnet Samtidsteater vert teaterproduksjon nytta som læringsmodell. Studentane får undervisning i planlegging, konseptutvikling, produksjon og formidling. Sentralt er ulike produksjonsprosessar, skodespelarteknikk og scenekunstnarlege strategiar. I denne typen teaterproduksjon er alle medlemmane i gruppa med i den kreative prosessen frå idé til framføring.

– Dei to gruppene har valt det vi kallar dokumentarteater som sine eksamensframsyningar. I dokumentarteater gjer studentane research basert på intervju, ulike dokument, politiske høyringsnotat, lydopptak, nyheiter, film og tv-reportasjar. På dette grunnlaget utviklar dei ei framsyning  der ein eksperimenterer med ulike element frå samtidsteater, seier førstelektor Vibeke Preus

Sugarbabes

I ein av teatersalane i Henrik Kaarstad-huset framførte ei av gruppene eit stykke om fenomenet «sugardating».  I dokumentarar på TV og i avisoppslag kan vi lese om unge, attraktive kvinner som får pengar, reiser og gåver for å date eldre, velståande menn.

– Eit sentralt spørsmål er om dette er uskyldig dating eller rein prostitusjon, seier Elizabeth Mørkestøl som spelar ei ung jente oppsøker miljøet i håp om å tene nokre raske kroner.

Bachelor i teater og drama

Bachelorutdanninga i teater og drama i Volda er ei solid og allsidig utdanning i eit utøvande og svært aktivt fagleg miljø. Vi tilbyr ein unik kombinasjon av praktisk skodespelartrening og ei teoretisk-akademisk utdanning som vil gje deg eit godt grunnlag for vidare arbeid som scenekunstnar innan det frie kulturlivet. Vi har eigne teaterlokale, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad. Følg oss gjerne på Facebook, avsluttar Vibeke Preus.

Del på