Dramatikar og professor Jesper Halle til Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

35b371f1f52a50e4bdc93ad5b9a6951a
Dramatikar og professor Jesper Halle. Foto: Siv Svendsen

I arbeidet med omlegging av bachelorstudiet i Teater og drama har seksjonen hatt eit ønskje om å få eit større samarbeid med andre institusjonar og praksisfeltet, for å gjere studiet meir profesjonsretta, og er difor veldig glade for å få Halle til Volda som gjestelærar.

Fantastisk tilbod

I veke 38 får studentane ei vekes workshop, og i samband med arbeidskrava i manusutvikling får studentane, i veke 42, ei times rettleiing og respons på sine manus frå Halle.

– Med Jesper Halle si allsidige erfaring er dette eit fantastisk tilbod for studentane, seier Bech, og legg til at ho håpar samarbeidet kan vidareførast til det nye emnet i Lydbok, dubbing og radioteater, der både NRK, Nordubb og Lydbokforlaget allereie er samarbeidspartnerar.

Solid bakgrunn

Jesper Halle, er frå Oslo, og har sidan 1983 skrive rundt tretti dramatiske verk for teater, dukketeater, radioteater og TV, mellom anna Dagenes Lys (Ibsenprisen 1997) og Lilleskogen (Wilhelm Hansen Fondens nordiske dramatikerpris 2001, Hedda-prisen 2004).
Dramatikken hans har blitt iscenesett på mellom anna Nationaltheatret, Trøndelag teater, Det åpne teater, Agder Teater, Oslo Nye Teater, Rogaland Teater, Sogn og Fjordane teater, og fleire av hans skodespel er omsett til andre språk og iscenesett i utlandet.

I tillegg har han undervist i dramatisk skriving, adaptert mellom anna Vaffelhjarte for scena, og var ein av grunnleggarane av masterstudiet i scenetekst på KHiO, som tek opp tre-fire studentar anna kvart år. Halle har i ei årrekkje arbeidd som rettleiar, mentor og dramaturg for andre dramatikarar, mellom anna for Vibeke Preus Bech på hennar prisvinnande skodespel Rom rives (2012).

Del på