– Lærarane har stilt opp på ein fantastisk måte

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

For Cathrine Yksnøy og hennar medstudentar på Design, kunst og handverk har det vore utfordrande å lage og dokumentere arbeidet med den praktiske delen av bacheloroppgåva si. I eit NRK-intervju takkar ho for støtta ho har fått frå løysingsorienterte lærarar.

Då Høgskulen i Volda (HVO) stengde høgskuleområdet for studentar i midten av mars, bydde det på utfordringar for avgangsstudentane på Design, kunst og handverk. Dei fekk ikkje bruke verkstadane på høgskulen og måtte også ta omsyn til at produktet dei laga som ein del av bacheloroppgåva ikkje kunne bli vist fram fysisk for sensorane.

– Lærarane har stilt fantastisk opp. Dei har jobba veldig for at alle på en eller annan skal få fortsette med det praktiske arbeidet, ved å hjelpe til med å finne lokale som vi studentar kan vere aleine i og flytte utstyr. Så har dei jo vore tilgjengeleg digitalt heile vegen, seier student Cathrine Yksnøy til NRK.

SJÅ HEILE NRK-REPORTASJEN HER

Dokumentert undervegs

Studentane må fotografere det dei lagar og sende det inn digitalt. Normalt sett kan dei som skal sensurere ei slik oppgåve både kjenne, lukte og sjå  produkta i eit lokale.

Yksnøy, som har vevd spesielle tepper, har hatt et stativ ståande i eit hjørne som har teke bilde med jamne mellomrom og dokumentert prosessen med arbeidet hennar. I tillegg fotograferer og filmar ho det ho har laga for å på best mogleg vis forsøke å formidle til sensoren kva ho har laga.

Tek omsyn

Karen Brænne, førsteamanuensis ved HVO, seier dei må ta omsyn til at dei ikkje fysisk får sett produkta som studentane lagar.

– Vi må jo legge inn det i vurderinga. Ein kan lese eit bilde på så mange måtar. Det kan også hende at bildet ser betre ut enn det gjer i virkeligheta. Vår bekymring no er jo at studentane ikkje får vist det dei faktisk kan, seier Brænne.


 

Del på