Nytt emne gir jobbmoglegheiter for studentane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

lyd1_620.jpg
Student Maria Amundsen ser store mogeleghieter for seg sjølv og medstudentane etter å ha tatt det nye emnet. Foto: Steffen Haugen

Bodil Vidnes-Kopperud, produsent ved Lydbokforlaget, gjer alle studentane tilbod om jobb som innlesarar i eit nytt novelleprosjekt. Novellene skal lesast inn i sommar og vil til hausten vere tilgjengelege i den nye appen til Lydbokforlaget: Fabel.

– At vi allereie no har fått tilbod om eit profesjonelt oppdrag frå Lydbokforlaget, viser at det ikkje berre er for studiepoenga ein tek faget. Vi får både erfaringar og store moglegheiter, samt vi knyter viktige kontaktar som kan hjelpe oss i framtida, seier student ved emnet, Maria Amundsen.

– Takket være dette emnet, trur eg fleire av studentane kjem til å prøve seg som lydbokinnlesarar, meiner Amundsen.

lyd2_620.jpg
Bodil Vidnes-Kopperud, produsent ved Lydbokforlaget, instruerer studentane. Foto: Steffen Haugen

Emneansvarleg Vibeke Preus Bech fortel at eit godt samspel med praksisfeltet har vore målet med omlegginga av bachelorutdanninga i Teater og drama.

– Vi har hatt utelukkande positive erfaringar med Lydbokforlaget, og spesielt med Bodil, og gler oss til å utvikle samarbeidet vidare, seier ho.

Del på