Godver, guiding og gardsdrift i Hjørundfjorden!
Sist laurdag gjennomførte studentane på naturguideutdanninga ved Høgskulen i Volda og lokale krefter eit heildags opplegg med guida turar, servering og kveldskonsert I Hjørungfjorden som ein del av Kaarstadfestivalen 2016.
Som elles rundt på Sunnmøre slo vergudane til med maksver denne helga, rett nok med småkald nordavind på fjorden, men vindstille og vamt i fjellet.
Studentane frå naturguideutdanninga på Høgskulen i Volda her klare til dagens guideprogram på fjorden og i fjellet.
Tilbodet inst i Hjørundfjorden var organisert som det siste undervisningsopplegget i studieåret for første kullet på naturguideutdanninga.
Integrert guideprodukt
Studieprogramansvarleg Nils Ola Skuset fortel at her fekk studentane gjennomføre eit integrert guideprodukt, det vil seie eit prosjekt der fleire guidar samarbeider om eit større arrangement med fleire turalternativ, samarbeid med lokale krefter om mat og servering, opne kunstutstilling og museum, samt avrunding av dagen med ei musikalsk oppleving.
Naturguidestudiet starta hausten 2015. Turismenæringa på Vestlandet, med NCE – Tourism i spissen, ønskjer meir satsing på aktive naturguideprodukt, som tillegg til det reiselivsnæringa allereie er god på, transport, overnatting, servering og passive severdigheiter. Naturen på Vestlandet har mange muligheiter både til fjells, i fjordane og på kysten. Det er ønskjeleg å få turistar og gjestar til å bli lenger på kvar destinasjon. Då treng destinasjonen å tilby guideteneseter og aktivitetar som gir turistane aktive opplevingar og utfordringar.
– Vi legg slike element inn i utdanninga og opplegget på Bjørke vart vårt pionerprosjekt i studiesamanheng, fortel Skuset.
Proffe studentar
Aleksandra Leikanger og sonen Petter kom frå Ålesund til Bjørke for å vere med på padleturen langs naturreservatet inst i Hjørundfjorden.
– Guidestudentane var proffe. Dei fokuserte på tryggleiken, dei fortalte om naturen, flora og fauna, og sørga for ein god kvilepause med mat og drikke. Dette kan vi gjerne bli med på fleire gongar, fortel Aleksandra Leikanger og sonen Petter kom frå Ålesund.
Gjestane kunne også vere med på sykkeltur til Viddal med guiden Anita Finne frå Voss.
Dei 14 guidestudentane fordelte oppdraga og tok gjestar med på padletur, ro- og segltur med gammal kyrkjebåt, fottur til Oddekloven og Kamben og rusletur langs Bjørkeelva. Sykkeltur til Viddal var også eit av tilboda.
Bondelaget på Bjørke og i Austefjorden stod for matservering og fleire gjestar benka seg utandørs med rjomegraut og kaffe utover ettermiddagen. Bakketunet på Åkre heldt ope utstilling med kunstprodukta til studentar frå Kunst- og handverkstudiet ved Høgskulen, og den gamle handelsbuda nede ved fjorden, J-buda, tok i mot gjestane, som rusle rundt i Bjørkebygda.
Gruppa Quest, Magnar Åm og pianisten John Inge Leira Bjøringsøy, sette publikum i stemning med impro-jazz i Notanaustet på Bjørke.
Pianisten og bonden John Inge Leira Bjøringsøy kombinerer musikk og gardsdrift på Leira. Han ønskjer å vere med på å halde liv i bygdene. Nina Viddal serverte baristakaffe til kveldskonserten. I påvente av at vinplantane ho nettopp har planta på heimegarden på Viddal skal røte seg og bære frukt for framtidig vinproduksjon, er det greitt å vere med når det skjer nye ting i bygda, seier ho. Både Bjøringsøy og Viddal representerer folk som kjem tilbake og etablerer nye og utradisjonelle aktivitetar på Leira og Viddal. Naturguiding vil saman med gardsdrift og kulturbasert verksemd kunne utfylle kvarandre og skape grunnlag for optimisme og skaffe folk inntekter i fjordbygdene, seier dei to entreprenørane.
Naturguidestudentane Rikard Kirkeeide Bøe til venstre startar eige guidefirma i Hornindal og Olav Hansen Barstad har funne gode kvalitetar for naturguiding i heimbygda Rauland i Telemark .
Naturguidestudentane Oddhild Saure frå Sjåstaddalen og Rikard Kirkeeide Bøe frå Stryn ser føre seg naturguiding som næringsveg. Saure bur på garden Nedste Saure i Sjåstaddalen og ønskje å drive naturguiding derifrå, medan Bøe startar guidefirma med utgangspunkt i Hornindalen i sommar. Dei har i løpet av studiet utvikla eit felles lokalt guideprodukt med utgangspunkt i den gamle ferdselsvegen over fjellet Kviven. Dette blir spennande, vi har allereie booka inn gjestar, seier Saure og Bøe. Både nytunnelen og den gamle fjellvegen knyt såleis saman sunnmøringar og nordfjordingar på ein ny måte, meiner dei no uteksaminerte guidane.