10-års jubileumskonsert med Kaarstadbygget

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Kaarstadbygget ga i 1999 ut cd-en ”Svamp”, og kom på nyåret med pop-plata ”Nonstop a cappella”, som i Vikebladet fekk overstrøymande kritikkar. Gruppa samlast eit par gongar i halvåret, og har hatt konsertar i alt frå pubar til kyrkjer og bedehus over heile Sør-Noreg. I tillegg har dei opptredd på Polarjazz på Svalbard og Påskefestivalen i Ngoundere i Kamerun.

 Kaarstadbygget_520_1

”Kaarstadbygget” syng a cappella i ulike sjangrar, og konsertprogrammet publikum vil få høyre på Rokken vil vere frå heile repertoaret i løpet av dei 10 åra dei har holdt på. Med stemmene som instrument framfører dei mellom anna barnesongar og pop-slagerar med ein god porsjon humor.

Medlemmene i Kaarstadbygget har ulik musikalsk bakgrunn: både SKRUK, Stemmebandet, Oslo Kammerkor, Norwegian Gospel Voices og ulike bluesband er representert, i tillegg til nokre dusj-songarar.

Likar du anten Real Group, friske rytmer, vokalmusikk, humor eller menn, bør du kjøpe billett og ta deg ein tur til Rokken søndag 1.oktober kl.17.00.

Bill. 150,-/stud. 100,-/born 75,- fam. 300,-

Sjå også www.kaarstadbygget.no, og http://www.kaarstadbygget.no/art6.html for smakebitar!

Del på