60-årsjubilant avslutta FESTiVOLDA

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda avslutta FESTiVOLDA-festivalen med Mozart sin symfoni nr. 31, "Pariser-symfonien” søndag, som ei markering av sitt 60 års-jubileum. - 60 år er eit fantastisk jubileum for eit orkester som har hatt lang og tru teneste, jublar Rune Bergmann.

symf525
Frå lunsjkonserten onsdag

Bergmann er ny dirigent og nytilsett ved høgskulen si nye Avdeling for kulturfag. 
- Musikkmiljøet ved høgskulen er kjent ut over landegrensene, og er ein fantastisk og solid ressurs i den nye avdelinga, seier han.

lunsj525
Frå lunsjkonserten onsdag

Symfoniorkesteret gav ein smakebit på konserten allereie onsdag.

Sjå video frå denne minikonserten (direkte overføring i nytt vindauge)

Rune Bergmann er tilsett ved musikkseksjonen ved Avdeling for kulturfag.
Han er utdanna som orkesterdirigent ved Sibelius Academy i Helsinki med professor Leif Segerstam.Bergmann har også spesialisert seg i kor- og orkesterdirigering ved The Royal University College of Music i Stockholm. Les meir om Bergmann på www.conducting.no

Del på: