Aristokatt i Volda aktuell i "Lange flate ballær"

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

henrik_nielsen_2_520

- Det har gått fort – og no ser det ut til å verte skikkelig suksess også, fortel Henrik Morken Nielsen (23). Han var ferdig ved Årsstudium i drama ved Høgskulen i Volda i 2003, og sidan då har det gått slag i slag, fortel han på telefon nokre timar før premieren.

Relevant utdanning
- Etter at eg tok drama i Volda har eg jobba både med Bjørn Fast Nagell og Harald Zwart – med pilot og reklamefilmar, og til slutt sjølve filmen, fortel han.
- Volda var ein veldig koselig og lærerikt, så det vil eg absolutt anbefale. – Der er gode lærarar og eit godt miljø – og det har hjelpe meg til å få eit godt grunnlag og god kunnskap.

- Det er gjerne gjennom å ha god, relevant utdanning ein vert trygg på seg sjølv som skodespelar, seier han.

Naturtalent
Lange Flate Ballær er ein varm og ujålete fotballkomedie om ein fargerik gjeng som frå kvardagslivet på bilsjappa som legg ut på den strabasiøse livsreisa - guteturen til VM i fotball, Tyskland 2006. Alle drøymer sjølvsagt om VM-gull til Noreg, men i Tyskland vert alt snudd på hovudet.
Voldastudenten Henrik Morken Nielsen har allereie vorte lagt merke til i ein del førvisningar som den prydelege frikyrkjeguten Helge har ein del vanvittige scener. Mellom anna når han dansar på Kielferga.
Regissør for "Lange Flate Ballær", Bjørn Fast Nagell, seier mellom anna Fredrikstad blad att Norway-kællane er et naturtalent.

Allsidig skodespelar
- Det er moro å spele litt tulling, men eg ser meg sjølv i alle slags roller – eg likar alt frå elleville komediar til varme, gode historier. God krim er bra, legg Henrik til og oppfordrar unge skodespelarspirar til å satse og jobbe for det ein drøymer om.

- Har ein draumar må ein gå for det og ha tru på seg sjølv.
- Det er viktig med utdanning, og drama i Volda vil bety mykje for meg også framover. Ein får kanskje litt meir respekt og sjølvtillit av å vite at ein har ei konkret utdanning.

- For min del har eg alltid satsa på å verte skodespelar, og har alltid hatt lyst til det.
- Eg kom frå dramalinja på vidaregåande, som saman med dramastudiet i Volda er det ei god erfaring for dei som vil satse på for eksempel teaterhøgskulen. – Det skal eg gjere, avsluttar Henrik før han helsar tilbake til dramaseksjonen i Volda og gjer seg klar til filmpremière i Fredrikstad.


Les meir om Drama ved Høgskulen i Volda og studietilboda innan Musikk, kunst, drama og teater.
Les meir filmen på Filmweb

Les også om Lang flate … på f-b.no



Del på