Avduking av Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya

Sist veke markerte Avdeling for lærarutdanning Yksnøy-prosjektet og Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på Yksnøya ved Eika.<br>- Dette er ein stad der vi som studentar ved Høgskulen i Volda kan oppleve, studere og leve i naturen i kortare og lengre periodar – og det er herlig, kommenterte studentane ved Utefag.

- Yksnøy-prosjektet var verdt ei markering og takk til dei som var med på den offisielle opninga, fortel eldsjel og prosjektleiar Nils Ola Skuset ved Høgskulen i Volda (HVO).

Ikkje minst høvde det godt å vise fram Basen for Natur, Kultur og Friluftsliv på ein vårdag i Friluftslivets år 2005.

Nær naturkontakt

Når alle delprosjekta er fullførte, vil dei til saman utgjere eit komplett opplæringsmiljø, forklarar Skuset.

I si enkle form skal basen, med nær naturkontakt, i eit gamalt kulturlandskap, gje opplevingar og kjennskap, samt utfordre til refleksjonar.

- Basen er aktuell for fleire fagmiljø, der dei kan nytte seg av fasilitetane på ein variert måte ved denne HVO-satelitten, oppfordrar Skuset.

yksnoy_520

Yksnøya
Studentane som kjem til Yksnøya får nytte seg av kanoar, trebåtar, trerøringar og større færingar. Ei strandline full av liv, område innover øya der mellom anne telt er oppførte for overnatting. Undervisningslokale i sjølve Basen, med mellom anna naust og opphaldsrom er nyopna, medan eit nytt sanitæranlegg er under oppføring.

Les meir om studietilboda ved Avdeling for lærarutdanning:

Del på: