Drama grunnfag set opp Jesper Halle
- Vi er nå i gang med årets teaterproduksjon, fortel pressetalskvinnene ved Drama årsstudium. Stykket er fritt etter "24 mislykkede nordmenn" av Jesper Halle, og vi har bestemt oss for å kalle oppsetninga vår "Under Overflata". I tragikomedien med premiære i mai møter ein 19 svært ulike personlegdomar.
- Handlinga finn stad ved Rotevatnet, og i dei 19 ulike personlegdomane får ein innsikt i menneska sin galne, men realistiske kvardag.
Oppsetjing 30. og 31. mai
- Stykket er ein tragikomedie, og teaterførestillinga vil finne stad på Høgskolen 30. og 31. mai.
- Dette er faktisk eksamenen vår og ei førestilling som du ikkje vil gå glipp av, seier dei og oppfordrar alle som vil sjå om å halde av datoane i mai.
Nokre av rollefigurane i ”Under overflata.”