Dramaframsyning av Brødrene Grimm måndag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

drama_520

Drama ved Høgskulen i Volda er klare med eksamensforestillingar måndag. Dei syner også forestillingane sine måndagskvelden kl. 18.00, og ynskjer alle hjarteleg velkomne i Teatersalen, Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.

Frå klokka 09.30 om morgonen til 14.30 syner dei fire kjende eventyr frå Brødrene Grimm som eksamensforestillingar. Kvar forestilling varer i ein halv time.

Øver dag og natt
- No er studentane i sving dag og natt for å bu seg til framføringane. Kostymer, scene, og mykje meir må vere klart - og all tid vert nytta, melder Marit Ulvund, lærar ved dramautdanninga i Volda.


Program

Eksamens-forestillingar:

Bror og søster: klokka 09.30.
Hans og Grete: klokka 11.00.
De fattige og de rike: klokka 12.30.
Enøye, toøye, treøye: klokka 14.00.
Kvar framføring varer omlag 30 minutt.

Kveldsforestillingar startar kl. 18.00:
Bror og søster, Hans og Grete, De fattige og de rike, Enøye, toøye, treøye.

Spennande dramautdanning
Det vert fokusert på å utvikle spelkompetanse og innsikt i ulike dramatiske uttrykksformer, og å gi praktisk og teoretisk innsikt i skodespelarkunst, regi, scenografi og dramaturgi, seier Ulvund om dramautdanninga.

Drama- og teateremna vert tilbydde både som halvårsstudium og årsstudium - eller frie emne som kan takast kvar for seg. Det vert tilbydd 7 drama/teateremne på 15 stp. Emna kan fullførast på eit år, eller takast over fleire år. Studia kan takast som fag-/vidareutdanning eller som del av allmennlærarutdanninga.

Les meir
eller på http://hivolda.studiehandbok.no/vis/studium/DR30

Del på