Dramastudentane inviterer til teateroppsetjing

Tekst: Webmaster Volda

TID: Måndag 20.11.2006 kl. 18.00.
STAD: Teatersalen i Henrik Kaarstad-huset, inngang aust.
Inngang: Kr 20.

Fleire av studentane tek drama som vidareutdanning, andre som ein del av førskulelærar eller lærarutdanninga si, medan andre er heilt i starten av studielaupet sitt.

Studentane jobbar i mindre grupper, der dei arbeider med alle prosessane, frå tekstarbeid, lyssetting, dramaturgi, skodespelarkunst, instruksjonsarbeid med meir.

Alle er bort i det meste, slik at studentane lærer prosessen i ei heil teaterførestilling.

Studiet skal innehalde to oppsetningar, der dette er den første, medan den andre kjem på nyåret.


Kort omtale:

“KVEN KAN TRØSTE KNØTTET?”
“Hvem kan trøste Knøttet?” er eit teaterstykke for barn, bygd på Tove Janson si bok med same tittel.
Knøttet er åleine. Han er redd og saknar ein ven. Om natta blir det nifse mykje verre enn det er. Hufsa hyler i mørket, og mange skumle vandrar omkring med tunge steg.
Klarer Knøttet å frigjere seg frå frykta?

”EN RAR FAMILIE”
Matilde er ei jente på 6 år som går i første klasse. Familien hennar er litt uvanlig, ho har nemlig 3 mammaer.
Dette er av og til vanskelig, men det store problemet for Matilde oppstår når ho får eit brev frå skulen. Korleis klarer Matilde å løyse dette?

”NÅR TO ER SINTE PÅ KVARANDRE ”
er eit stykke basert på ei bok av Tor Åge Bringsværd. Den handlar, ikkje overraskande, om sinne og korleis ein taklar det.
Vi møter Aurora, mor hennar, og Aurora sin hemmelege og usynlege venn, Yrja.
I oppsetninga tek studentane utgangspunkt i ein dag av Aurora sitt liv.

1_14

2_10

3_7

4_6

Del på