Dramastudentane set opp Under Milkwood

- No gleder vi oss kjempemasse, strålar Bergit Sunde. Ho er dramastudent ved Høgskulen i Volda og er med på oppsetjinga av Under Milkwood av Dylan Thomas. Dramastudentane framfører forestillinga i teatersalen ved Høgskulen i Volda denne veka.

- Handlinga i Under Milkwood er lagt til ein by i Wales, fortel Bergit. Vi får møte menneska der og følgjer liva deira gjennom ein dag.
- Det søvnige Milkwood liknar alle andre småstader, men under overflata sydar det av sladder, intriger og fantasiar.

undermilkwood

Student på Drama årsstudium og instruktør Vibeke Preus Bech øver på å vere ekkel kjerring.

Forteljarane gir oss innblikk i den skjulte sida av Milkwood, der temaet dreiar seg rundt uoppfylte draumar og ønske og enkeltmenneske sine lagnader.

Tid: Mandag 14. mars kl. 13.00 og kl.19.00, tysdag 15. og onsdag 16.mars kl.19.00
Stad: Teatersalen på Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.
Pris: 50 kroner.
Billettsal: Billettar vert selde i kantina på BK frå 9.mars og ved inngangen til teatersalen like før førestilling.

Del på: