Dramautdanninga set opp klassikaren ”Vente på Godot”

Drama fordjupingsstudium ved Høgskulen i Volda presenterer ”Vente på Godot”, fritt etter Samuel Beckett sin klassikar, melder Tone Rustestuen ved dramautdanninga. - Ved bruk av galgenhumor og klovneaktig spelestil ønskjer vi å underhalde, men også å framheva det absurde og det umoglege i menneskeleg kommunikasjon. Framføringa er ein del av eksamen for studentane, og vert halden tysdag og onsdag komande veke.

godot525 

- Vi har latt oss inspirere av Becketts grunntankar om kommunikasjon og ikkje minst mangel på kommunikasjon, det ubereknelege i mellommenneskelege forhold, einsemda og det meiningslause.

- Gjennombrotet for absurd teater kom med den irskfranske forfattaren og dramatikaren Samuel Beckett sitt stykke ”En Attendant Godot” (Mens vi venter på Godot). Stykket ble skrive i 1948 og urframføringa fann stad i Paris i 1953.

- Beckett blir i dag sett på som ein av dei fremste ”absurde” forfattarane saman med Eugene Ionesco og Jean Genet, og i 1969 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.

Oppsetninga varer i om lag ein time.
Vi ønskjer dykk velkomne til Teatersalen på Henrik Kaarstad-huset:

Tysdag. 27.november kl. 19.00
Onsdag 28.november kl.13.00

Pris: 40,-

Del på: