Eksamenskonsertar ved bachelorstudiet i musikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Liv Elin Nor er først ute med konserten ”Songar frå animasjonsfilmar!”
Songane er henta frå filmane Pocahontas, The Hunchback of Notre Dame, Beauty and the Beast, The Little Mermaid, 101 Damatians, The Price of Egypt, Toy story 2 og Quest for Camelot.

Konserten vert halden  mandag ettermiddag i auditoria AC i Henrik Kaarstadhuset på Høgskulen. Desse musikarane medverkar: Ingrid Hesjadalen, Øystein Eckhoff Holsvik, Tommy Alrek Halvorsen, Tor Sivert Gunnes, Ida Maren L.Misthjell, Brynhild Hovden og Nils Ose.

Miriam Ekvik held sin konsert på Det Grøne Treet mandag kveld.
Under tittelen ”Fra inntrykk til uttrykk!” framfører ho eigenkomponert musikk. Ho har med seg IngridHesjadalen på piano, Trond Rødland på gitar og Tor Sivert Gunnes på fiolin, mandolin og rytmefrosk, medan ho sjølv står for vokal og rytmeegg. 

Ingrid Sæbø på tenorsaxofon med band presenterer sin bachelorkonsert ”Something old, something new, something borrowed, something blue!” i tradjazzens stil.
Ho har med seg Askjell Molvær på piano, Vidar Wold på tuba og Kristoffer Tokle på trommesett. Konserten vert arrangert på Rokken tidleg tirsdag kveld.    

Rokken er også staden for Tone Rustestuen sin bachelorkonsert seinare tirsdag kveld.
Ho serverer eigne versjonar av utvalde songar frå si musikalske verd. Songane ho har valt å framføre denne kvelden har både spennande tekstar og vakre melodiar, difor tittelen: ”Ord til opplevelse!” Ho har med seg Øystein Eckhoff på gitar, Miriam Ekvik på piano og Tor Sivert Gunnes på fiolin.

nor-ekvik

rustesturen_1

Del på