FESTiVOLDA: Grieg-konsert i Kaarstad-huset

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Haugtussa-525

Med songsyklusen ”Haugtussa” (op. 67) har Edvard Grieg og Arne Garborg skapt eitt av dei vakraste kvinneportretta i musikklitteraturen.
Etter at Edvard Grieg hadde lese diktverket ”Haugtussa” som Arne Garborg gav ut i 1895,
vart han så begeistra at han straks sette i gang med å skrive musikk til fleire av dikta. Grieg skriv i eit brev til ein ven: ”I det siste har jeg vært nedsunket i en høyst eiendommelig lyrikk: det er en helt genial bok, hvor musikken allerede er komponert. Man behøver kun at skrive den ned. ”
Songsyklusen er sentrert rundt gjetarjenta Veslemøy. Ho opplever kjærleiken og også sviket, og i kontakt med naturen søkjer ho svar på lengslar og finn trøyst.
I dei åtte songane i syklusen har Grieg  både sprudlande glade naturstemningar og djupe, inderlege portrett av Veslemøy og opplevinga hennar av kjærleiken.


Både fiolinsonate no. 1 i F-dur (op.8) og fiolinsonate no. 3 i c-moll (op.45) er sentrale verk innan fiolinlitteraturen.
I Fiolinsonate i F-dur møter vi ein ung Edvard Grieg inspirert av motiv og tematikk frå norsk folkemusikk. Skiftande, friske rytmar og kjenslevare, melankolske melodiliner.
Denne ungdommelege og friske sonaten er skriven i F-dur, som gjerne blir kalla vårens toneart. Grieg skreiv sonaten som 23-åring.
Den mektige og romantiske fiolinsonaten i c-moll er skriven av ein moden komponist, og er rekna som noko av det ypparste innan fiolinlitteraturen.

Dei tre musikarane på konserten underviser alle i hovudinstrument på musikkstudia, Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda.

Konserten knytt til FESTiVOLDA-arrangementa

Aud. B/C i Henrik Kaarstad-huset, Høgskulen i Volda
Fredag 2.november 2007 kl.18.00
Bill.: kr 100/80
Arr. FESTiVOLDA
  

Del på