Framtidas lærarar!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Elena Janita Valdnes (22) og Laila Pauline Heggen (22) er ferdige med  2. året på allmennlærarutdanning med fordjuping i engelsk, medan Andreas Sundby (26) er ferdig allmennlærar i desse tider med fordjuping i idrett. Det var ulike grunnar til at dei valte denne utdanninga.

 

Kva skal ein bli?

- Valet stod mellom medie- og lærarutdanning. Eg gjekk privatskule og satt ofte med tankar om at læraren kunne forklart betre og vore meir kreativ i undervisninga. Eg starta i Oslo, men treivst ikkje med å vere ein i mengda.Eg vart anbefalt Volda, noko eg ikkje angrar på. Det er lett å bli kjent på tvers av fag og interesser, noko som er svært viktig som lærar, fortel Andreas.

 

Elena har alltid gått med tankar om å bli lærar, men vart først sikker då ho byrja på utdanninga.

– Det er først i praksis eg verkeleg har fått sett og prøvd meg i yrket, seier ho.

 

Laila har vore meir usikker. Ho skulle eigentleg bli marinbiolog, men på vidaregåande vart ho motivert til å gjere ein betre jobb enn det nokre av lærarane gjorde.

– Eg har riktig nok hatt både gode og dårlege lærarar. Dei som er gode blir ein veldig glad i, og for meg vart dei eit førebilete. Det vil eg sjølv også vere, seier ho med eit smil.

 

studentar_magasin

 

 Elena, Laila og Andreas er allmennlærarstudentar med fordjupning i ulike fagområder.

 

Nyttig erfaring

 

Dei tre studentane har full tillit til at dei gjer ein god innsats, med det mål at elevane skal lære mest mogleg. ”Skuleovertaking” står som ein viktig del av utdanninga, der lærarstudentane tek over all undervisning på ein skule i 3 veker. Elena, Laila og Andreas fungerte som leiargruppe der dei erstatta rektor/inspektør i daglege gjeremål. Det er ein viktig del av utdanninga å få prøve seg i praksis på denne måten.

– Først no får ein sjølvkjensle om ein fungerar som lærar og greier å formidle det ein vil. Skulen er eit satsingsområde, noko som er motiverande for oss. Vekene som lærar i skulen gav meirsmak, seier Andreas
 

– Det er ingen 09.00-16.00 jobb. Det vart lange arbeidsdagar, og sidan vi var rektorar måtte vi også ta oss av det administrative i tillegg til å forberede undervisning, seier Laila.
 

Dei tre lærarstudentane vart ikkje skremde av den grunn, dei ser det heller som ei utfordring.

– Det er nokre ting ein ikkje lærer gjennom utdanninga, og mykje er erfaringsbasert. Det første året som lærar har eg høyrt kan vere tøft. Skulekvardagen er stressa, og dei erfarne lærarane er gjerne opptekne med sine ting. Det er viktig å tenke positivt å reflektere over dette på førehand, seier Andreas.
 

- Det å vere utplassert på denne måten er spennande, krevjande og lærerikt. Vi er heldige som har fått oppleve det, seier Elena.

 

Skulekvardagen

 

I posisjon som rektor har dei fått oppleve ulike sider av skulen, og er samstemde om at det var høg aktivitet, mykje å sette seg inn i og handtere.

- Det var stas å vere sjef og ha styringa. Det å gå frå rolla som medstudent til å vere ”sjef” var utfordrande. Vi visste til ei kvar tid meir enn dei andre. seier Laila.
 

- Dei andre viste tillit til at vi hadde kontrollen. Dei kom å spurte etter råd i vanskelege situasjonar, seier Andreas.

 

Det er ulikt korleis ein blir motteken av elevane, og særleg det å komme inn som lærar i ei kort periode kan vere vanskeleg då ein ikkje veit så mykje om elevane på førehand. Vanlegvis har ein kontaktlærar å støtte seg til når ein er usikker, men under skuleovertakinga må lærarstudentane stole på seg sjølve og handle der etter.

- Nokre av elevane ville sjølvsagt teste oss, men det er heilt normalt. Det er mykje respekt som følg med rektortittelen, seier Laila.

- Dette kan sjølvsagt endre seg over tid. Dersom ein ikkje har kontroll og greier å skape tillit, vil ein ikkje ha mykje å hente som rektor, seier Andreas.

 

Dei er einege om at dette er den beste måten å forberede seg på læraryrket. Ein får sjå korleis det verkeleg er og om ein fungerar i posisjonen som lærar.

- Det er positivt å ha eigne elevar. Det å ha kontrollen og styringa i ei klasse gjer at ein får tryggleik. Det er viktig å bli godt informerte på førehand, for det er mange forhold ein må ha kjennskap til som lærar, ikkje berre det som skjer i klasserommet. Det er ei utfordring, seier Andreas

 

Den gode læraren

 

Dei er samstemde om at det er mykje som definerar ein god lærar.

- Ein må ha vilje, vise at ein bryr seg. Elevane veit når ein lærar er interessert, noko som gir utslag i undervisninga. Det er også viktig å hugse at det er lov å feile. Ein må ta sjølvkritikk og vite kvifor ein gjer ting. Det å kunne grunngi val trur eg er veldig viktig, seier Elena. Dei to andre er einige.

- Det er også viktig å kunne leie ei klasse. Ein må ta seg tid til å bli kjent, vise interesse og vere tydeleg, både i framferd og på papiret. Dette med å bli kjent er for meg grunnleggande. Då kan einknytte undervisninga til elevane sine interesser, noko som er eit viktig grunnlag for læring, seier Andreas.

 

Meirsmak

 

Skuleovertakinga har gitt eit innblikk i skulekvardagen og oppgåvene som ventar dei som lærarar. Dei gler seg til å bli ferdige, og trur det er viktig å undervise ut i frå eigne interesser. Heile opplevinga med skuleovertaking har vore svært positiv.

- Det var som eg hadde sett for meg og litt til, seier Elena.

- Kor flink du er som lærar kjem ikkje fram på papiret. Du sjølv merkar som du fungerar som lærar og greier å formidle det du vil. Først i praksis får ein prøve dette, avsluttar Andreas.

 

 

 

Her kan du lese meir om allmennlærarutdanninga.

Del på