Friluftsliv for våghalsar - og for barnefamiliar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Seksjon for idrett og friluftsliv, som satsar sterkt på utdanning innanfor idrett og friluftsliv, står som arrangør av føredraget, og meiner det er viktig at studentar og andre får ta del i Aasheim sine fantastiske opplevingar. Opplevinga er viktig innanfor friluftslivet, fortel Aud Marit Wigg, studiekoordinator ved avdelinga.

Den kjende eventyraren skulle ha nok å plukke frå: Han var med i den første norske gruppa som klatra til topps av Mt. Everest, der også Ola Einang som underviser i friluftsliv ved HVO, var med, ski- og padleturar gjennom Sibir, han var ein av dei første som gjekk Noreg på langs på ski, og han har vore på dei høgste fjella i dei fleste verdsdelane. Stein P. har ridd gjennom Mongolia, sykla gjennom Sahara, kryssa Grønland med ein kopi av Nansen si utrustning, segla til Antarktis og padla gjennom Tasmania. Han har også lova å ta med nokre av inntrykka frå det 12 månader lange opphaldet familien hadde i ei lita fangsthytte på Svalbard. Med andre ord, noko for einkvar smak.

Stein P. seier sjølv at kåseriet er meir enn berre eit knippe med eksotiske eventyr, uoppnåeleg for alle som ikkje er tiltrekt av ekstremsport. Aasheim har ambisjonar om å inspirere andre til å halde på med friluftsliv på alle plan. 
- Eg har ein bodskap til både våghalsar og barnefamiliar. Eg kjenner begge arenaene godt. Utfordringane er like spanande som familiefar, men kanskje litt mindre farlege.

- Eg har vore mykje på tur og har mykje på hjartet. Som 56-åring går det an å ha tankar om ekspedisjonslivet som det ikkje var like naturleg å gje uttrykk for som 20-åring.

friluftsliv-vaar08B

Del på