Humørfylt eksamensoppsetjing frå 1. årsstudentar i drama/teater

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Dette er ei komedie med sterke undertonar. Den handlar om hovudpersonen J.J. og hans vardøgre familie gjennom fire generasjonar, melder studentane. - Det er viktig at lokalsamfunnet i Volda og omegn nyttar seg av kulturopplevingane ved høgskulen, seier dei.

Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland var tilstades på premieren, og uttrykte lett rørt at høgskulen står for ein viktig del av det flotte kulturelle tilbodet i Volda. -  Ein gløymde at ein var i eit teaterrom på ein høgskule og ikkje i eit teater, sa ho etterpå.

- Ei av målsetjingane til dramaseksjonen er å få innbyggjarane i Volda og omegn til å oppdage dei kulturopplevingane som finnst ved høgskulen, sier også dramalærer Vibeke Preus Bech.

Dagens lys, av Jesper Halle, er eksamensprosjektet til førsteårsstudentane ved Bachelorgradsstudiet i Drama/teater. Dei opnar Teatersalen i Kaarstad-huset for alle, kvar kveld kl. 19.00, frå søndag 25. mai t.o.m onsdag 28. mai.

Vi fyl familien sitt liv på godt og vondt med tissekonkurransar, turning i lysekronene, uheldige giftemål, slåstkamp, lidenskapeleg tango, kjærleik, fødsel og dødsfall.

Premieren var 25. mai i Teatersalen ved Henrik Kaarstad-huset kl.19.00. Det vert også førestillingar måndag, tysdag og onsdag - same tid og stad.

eksamen2-525

Bilete frå prøvene

eksamen1-525

eksamen3-525

Del på