- Målet er å få fleire kvalifiserte førskulelærarar

Gerd Sylvi Steinnes, studieleiar ved førskulelærarutdanninga i Volda meiner det er ein god idé å vidareutdanne assistentar som allereie finst i barnehagen. - Kommunen bør legge til rette for dette, uttalar ho til nrk.no. I Sande kommune vert assistentane i barnehagane tilbodne deltidsutdanning.

Sande kommune er ei av mange kommunar som slit med å få førskulelærarar i barnehagen. Dei ønsker å finne ei løysing på problemet, skriv nrk.no.

 - Vi prøver å oppfordre assistentar i barnehagen til å ta deltidsutdanning, seier barnehagekontakt Elin Muren Rokstad.

Aukar lønslivået
Fleire kommunar gir pedagogiske stillingar dispensasjon frå utdanningskravet, men for å få fleire til å ta høgre pedagogisk utdanning har mellom anna Sande kommune auka lønsnivået slik at førskulelærarane skal tene det same som lærarane.

Muren Rokstad seier til nrk.no at dei no arbeider for å lage støtteordningar til assistentar som ynskjer å ta utdanning.

Les meir på NRK sine nettsider - der er også ei sak om mangel på barnehageleiarar

Sjå oversikta over lærar- og førskulelærarstudium ved Høgskulen i Volda

Del på: