Med Rotevatnet som bakteppe

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Inger Beathe T. Kvalnes, Aylin Campos, Anita Valderhaug og Torill Giskegjerde er i gang med første nattskift: Frå klokka åtte om kvelden til klokka to om natta. Videokameraet har allereie surra og gått i tolv timar. No er det deira tur til å syte for teknologien. To minutt med filming kvar halvtime. - Dette blir kjempestilig!

- Filmen frå Rotevatnet skal tene som scenografi til stykket vårt. Medan skodespelarane er på scena, i om lag nitti minutt, kan ein sjå eit heilt døgn passere i på storskjerm i bakgrunnen, forklarar dei.

Dramakuliss_bilde
Aylin Campos, Inger Beathe T.Kvalnes og Torill Giskegjerde har nydeleg utsikt medan scenografien blir til.

Instuktør og emneansvarleg for Praktisk teaterarbeid og teaterteori II , Vibeke Preus Bech er stornøgd med innsatsen. - Studentane har gjort ein kjempejobb under heile denne produksjonen! Stykket krev mykje av skodespelarane, og eg trur denne litt spesielle scenografien vil utgjere prikken over i-en, seier ho.

Bech ønskjer velkomen til ei visuell, variert og spanande forestilling når Under overflaten blir synt for publikum i slutten av månaden.

Del på