Oppfordrar menn til å søkje førskulelærarutdanning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2studentar525

- Eg trur dei fleste menn ikkje er klar over kor viktig dette arbeidet er, samstundes som det har med lønn og status yrket har i samfunnet. Det er få som tenker denne retninga, men fleire burde prøve å arbeide med barn, seier Lars. Han tilføyer at det er ein fordel å vere i ein barnehage der det er fleire menn, noko som var viktig for han då han arbeidde som assistent.

Mange lurer nok på kva som fekk desse til å velje denne utdanninga. – Det var eit naturleg val. Eg stod mellom førskulelærar, allmennlærar og sjukepleie, og etter å ha vore vikar i ein barnehage oppdaga eg kor optimistisk kvardagen var. Det er ei god aldersgruppe, og arbeidet er mykje opp til deg sjølv der ein må definere rammene, seier Geir Ottar. Lars nikkar å seier at det var etter han hadde vore assistent, han bestemte seg for å bli førskulelærar. Det var kjekt, gav positive erfaringar og ein tverrfagleg arbeidssituasjon.

Dei to går andre året på førskulelærarutdanninga, som er treårig å gir ei bachelorgrad. Dei gleder seg til å bli ferdige å komme ut i arbeid. – Eg har lyst å arbeide i ein idrettsbarnehage. Eg ser på fysisk fostring som særs viktig i dag, då barn er i mindre aktivitet enn før og foreldre har ofte lite med tid. Det er stort behov for fysisk utfolding, meiner Lars,som vil ta eit årsstudium i idrett og friluftsliv etter førskulelærar. – Eg ønskjer å arbeide som avdelingsleiar/pedagogisk leiar, mest fordi eg vil arbeide med barna og ikkje ha for mykje kontortid, seier Geir Ottar. Dei to meiner ein treng fleire menn i barnehagen, og merkar at både barn, foreldre og kollegaer set stor pris på dei. - Menn ”herjar” meir enn kvinner, og barna likar litt action, seier Lars. - I tillegg får eg delta i aktivitet eg sjølv synes er artig. Dei er samstemde om at det er viktig med begge kjønn, både for barn, foreldre og arbeidsmiljø.

Løn er ein av grunnane til at få menn søker seg til denne utdanninga. Eg spør kvifor menn krev meir lønn enn kvinner? – Kvinner er meir smålåtne, menn er meir bevisste, seier Lars.

– Men torer å krevje. Når ein gjer ein viktig og god jobb, skal betalinga vere deretter, seier Geir Ottar. Dei ser ein trendens til at løna til førskulelærarane har gått opp den siste tida, og er sikre på at den vil stige ytterlegare.

- Det er utfordringar på alle plan som førskulelærar. I barnehagen møter ein heile spekteret i samfunnet. Barn lærer på denne måten å vere reale trass i hudfarge, funksjonshemming og sosial status, seier Lars. Geir Ottar fortel at barn fungerar i ei gruppe, der trivsel, omsorg og samarbeid er særs viktig, og at skule og barnehage har ein del å lære av kvarandre. Barnehagane ligg no, i motsetning til tidlegare, under samme departement som skulen (kunnskapsdepartementet).  - Det meiner eg aukar statusen til barnehagane fordi det synleggjer at dei er ein del av utdanningssystemet, seier Geir Ottar.

Eg spør om dei møter reaksjonar når dei fortel andre kva dei utdannar seg til, og dei er samstemde om at dei fleste er positive. Mange vaksne synes dei er tøffe og gir uttrykk for at ein treng fleire menn. Ungdomen er mindre bevisst på kva ein førskulelærar eigentleg gjer, og tenker heller strategisk med tanke på lønn. – Det å ha ein meiningsfull jobb der eg får gjere det eg har lyst til, er det viktigaste for meg. Det er eit privilegium å få arbeide med barn og ta del i småbarnstida. Det er til stor glede, ein får sjå korleis barna er og korleis dei utviklar seg, seier Geir Ottar. – Også for meg er det viktigare å ha ein jobb eg trivast i og med tid til fritid, enn ein jobb med høg lønn. Eg får mykje betalt ved å jobbe med barn, det gir glede i kvardagen, seier Lars. - Det er ikkje mange som blir møtt med klapp og klem når ein kjem på jobb eller har ein dårleg dag. Barn ser og forstår utruleg mykje.

Dei to er einege om at ein må gi mykje av seg sjølv, men ein får desto meir tilbake. - Det er ein jobb for skikkelege mannfolk, seier Geir Ottar, og med det er siste ord sagt.

Tekst og foto: Marthe Alnes

Del på