Playback! Eit spanande prosjekt mellom Volda og Nairobi

Tekst: Webmaster Volda

IMG_4134_520

Frå venstre: Kari Beth Tørrisen, Jostein Bjørndal, Ola Skare, Cecilie Wilhelmsen, Ingun Klepp, Jan Einar Flø, Øyvind Lied, Ludvik Flåskjer

Bakgrunnen for prosjektet er, kort fortalt, det å "eksportere" ideen bak "Merkesteinane" til ein heilt annan kant av verda, nemleg Nairobi i Kenya.
Ekteparet Ingun Klepp og Jostein Bjørndal har tidlegare jobba for Fredskorpset /NORAD i Kenyaog Høgskulen i Volda har gjennom ei årrekkje hatt sosialfagstudentar og lærarstudentar på hhv praksisopphald og studiereiser til Kenya.
Høgskulen har også fleire kvotestudentar frå Kenya på campus i Volda.

Ingun Klepp og Jostein Bjørndal har brei kontaktflate i Kenya, m.a. med organisasjonen MYSA (Mathare Youth Sport Association).
Denne organisasjonen driv eit intensivt arbeid mellom dei aller fattigaste og mest sårbare, i eit av verdas største slumstrøk, Mathare, som ligg utanfor Nairobi. MYSA har stor suksess med arbeidet sitt, og området er inndelt i sonar. For nokre år sidan hadde dei eit prosjekt dei kalla "Shootback". Dei utstyrte hundrevis av born i området med eingongs kamera, og resultatet kan ein m.a. sjå i boka "Shootback". Her vart dagleglivet til folket i Mathare dokumentert, og det er heva over tvil at her er det mykje å gripe fatt i.

Playback i slummen
Funksjonshemma sine kår i Kenya er ikkje spesielt gode, og på spørsmål om kor mange funksjonshemma det er i slummen i Mathare er standardsvaret: "Here are many. Many!" Men, dei er lite synlege. Så, då representantar for Merkesteinane var i Nairobisist februar og opptrådte og spela for tusenvis av frammøtte, vart det tent eit håp om at dette er noko også dei ønska å få til. Alt utstyret "Merkesteinane" hadde med seg vart gitt bort til MYSA, frå el-gitar til keyboard. Eit håp var tent og ideen om eitPlayback prosjekt vart fødd; omlag etter same lest som Shootback prosjektet.

Musikk til meistring

Hoveudmålsettinga med samarbeidet er å utvikle musikkgrupper for funksjonshemma born og unge i Mathare slummen. Sentralt for ideen om eit Playback prosjektet står det utvida læringsomgrepet og det å nytte musikk som eit verkty til meistring og rolleendring mellom psykisk funksjonshemma born og unge, seier dagleg leiar for Merkesteinane Øyvind Lied. Dette er ei gruppe som utan tvil også kan karakteriserast som dei mest marginaliserte mellom marginaliserte i slummen Mathare.

- Det er laga ein "Memorandum of agreement" mellom"Merkesteinane", Høgskulen i Volda og MYSA. I månadane framover vil vi involvere sentrale partnarar som Fredskorpset og Røde Kors, og med landsforbundet "Dissimilis" med på laget har vi stor tru på prosjektet, seier Cecilie.
Prosjektgruppa er elles samansett av Øyvind Lied, Jostein Bjørndal, Ludvik Flåskjær, Jan Einar Flø, Ingun Klepp og Cecilie Wilhelmsen. Både avdeling for mediefag og musikkseksjonen ved lærarutdanninga ved Høgskulen er også involverte.

Del på