Prosjekt ”Cristo på campus”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studentane arbeider i desse dagar med prosjektet ”Cristo på campus”, som går ut på å tilføre eit framandelement i eit kjent miljø. Prosjektet inngår i emnet KOH 113-Kunst- skaping og formidling.

Katarina Teige Førde ved Seksjon for kunst og handverk, rettleier studentane gjennom øvinga.

- Det er fleire retningar innan LandArt, og her vel vi ein Cristo-inspirert variant. Vi har tre bilar som studentane skal pakke inn i plast. Det viktige er å ta vare på detaljar.  Cristo er ein verdskjent LandArt kunstnar som i hovudsak pakkar inn subjekt, bygningar og bruer. Mellom anna har han pakka inn riksdagen i Berlin. Det er dette som er utgangspunkt og inspirasjon for studentane, seier ho.

Vanskeleg med gladpack

På ei av gruppene er Tove Rekstad, Kristian Grøstad og Berit Torset. Dei arbeider med ein presentasjon, der dei skal grunngje korleis dei har pakka inn bilen og kvifor dei valde den plasseringa dei gjorde. Studentane skal presentere for kvarandre og illustrere med foto.

- Det var vanskeleg å pakke inn eit stort element i gladpack. Vi forsøkte å få fram dei strømlinjeforma linjene til ein bil, men særleg dei skite hjula var vanskeleg. Det enda med at vi droppa dei, fordi det slett ikkje vart fint, fortel Tove Rekstad

 

 IMG_8423_magasin

Tove Rekstad og Kristian Grøstad sjekker at plasten sit som den skal.

 

Kunst og handverk studentane er opptekne av estetikk, og dette er eit lite prosjekt innan LandArt. Seinare skal dei levere inn individuelle arbeidskrav, og dette ser dei på som god øving.

- Vi starta først sjølve etter ei lita orientering, men det vart ikkje fint. Forelesaren vår Kathrina, gjekk rundt og såg på arbeida. Ho rettleia oss og det vart mykje betre. Det er ein litt spesiell teknikk, og med hjelp av litt teip vart resultatet meir strømlinjeforma, seier Tove.

Blikkfang

Alle bildelane skulle pakkast inn med plast; vindaugsviskarar, antenne, spegel osv. Noko av poenget var at bilen skulle sjå ut som ein ”vanleg” bil, og ikkje ein bil med vindaugsviskarar til alle kantar.

- Gruppa fekk nytte min bil for den er nok så liten. Eg har gitt klar beskjed om at dei får hjelpe og pakke ut. Det var mange som kommenterte medan vi haldt på, men eg forsikra dei om at det var min eigen bil, seier Tove.

- Mange stoppa opp, lo og var nysgjerrige. Det var nesten litt trafikk-farleg, avsluttar Berit.

 

Her kan du lese meir om Kunst og handverk årsstudium (60 stp) eller bachelorgrad (180 stp).

 

Del på