Rekordpåmelding til Vinteraktivitetsveka 2005

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- 124 funksjonshemma deltakarar med føresette er meldt på. 67 studentar frå Høgskulen i Volda er meld på som deltakarar, med mellom anna 8 utvekslingsstudentar frå Afrika, 2 frå Tyrkia og 2 frå Irland.
Møre folkehøgskule, Ørsta har med 12 elevar, 8 elevar kjem frå sirkuslina ved Fjordane folkehøgskule på Eid, og for første gong er det med vernepleiarstudentar frå Høgskulen i Molde. Dei er 8 studentar, fortel Øyvind Hagen frå Høgskulen i Volda.
- Vi har rekordpåmelding i år, og håpar no på flott vêr på Bjorli.


vinteraktivtetsveka

- Mange reiser til helga - så blir vi der neste veke, og no gleder vi oss, smiler Karoline frå sirkuslinja. Det var mange som fortalte at det var gøy i fjor, så det blir sikkert veldig bra, smilar ho.

Vinteraktivtetsveka er eit årleg arrangement i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Vestnes Kommune, Møre Folkehøgskule og ISF-Møre og Romsdal.

Les meir på www.hivolda.no/kvano

Del på