To rektorar opna "Pub"-studiet!

Tekst: Webmaster Volda

anne-foreles525

Studiet er eit vidareutdanningstilbod i regi av Barnehageløftet.

Det gir 30 studiepoeng og er eit  samarbeid mellom Dronning Mauds Minne Høgskole og HVO.
Studiet har 50 studentar frå Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Det var 238 søkjarar til studiet som skal ha fem samlingar, to i Trondheim og to i Kristiansund, forutan opninga i Ålesund, melder Bente Vatne, som er fagleg ansvarleg ved Høgskulen i Volda (HVO).

På studiet vert det førelesarar frå Dronning Mauds Minne og frå HVO. På den første samlinga var tema Organisasjonsutvikling ved Sølvi Hessen Schei og Utviklingsarbeid i barnehagen, ved Kari Kvistad. Begge er lektorar ved Dronning Mauds Minne Høgskole.

Professor Peder Haug ved HVO stilte i si førelesing spørsmåla: På kva grunnlag har dei faglege aspekta ved Barnehageløftet kome fram?  Kva har styrt utviklingsinteressa i barnehagen, og kva er konsekvensane?

Fagleg ansvarlege og koordinatorar for studiet er Kari Kvistad frå Dronning Mauds Minne Høgskole og Bente Vatne ved Høgskulen i Volda.

Del på