Seksjon for idrett og friluftsliv - med nytt namn!

Seksjon for idrett og friluftsliv får nytt namn frå haustsemesteret, og vil ikkje lenger heite Seksjon for kroppsøving og friluftsliv som tidlegare. Seksjonen har meir enn 35 års erfaring med høgskuleutdanning innan idrett, leik og friluftsliv.

Seksjon for idrett og friluftsliv har ei rekke spennande tilbod for deg som likar å vere aktiv, og du kan velje mellom bachelorgrads-, års-, halvårs- eller fordjupningsstudium.

Idrett og friluftstilboda er allsidige, med fokus på kvar einskild student. For deg som er interessert i ski ligg Sunnmørsalpane tett ved, medan Yksnøya er trekkplaster for den friluftsinteresserte. For meir informasjon om studietilboda, sjå her.

 

Namneendringa gjeld frå haustsemesteret 2008. Dei studentane som allereie tek bachelorstudiet i Kroppsøving og friluftsliv vil få nytt namn på sitt bachelorgradsstudium.

 

vanlig-fl

Motiverte og dyktige lærarar                                    (Foto: Seksjon for idrett og friluftsliv).

Del på: