Shabana leiar fredskorpsarrangement i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

dmm_520_1

Ordførar Ragnhild Aarflot Kalland, Astrid Gjerdsdal frå Frivilligsentralen, innvandrarkonsulent Nina Kvalen, Anne-Britt Aambø Hallaråker frå Volda handelsforeining og leiar for Fredskorpsprosjektet ved HVO/ALU, Norleif Vik fortalde om æresprisen og det fargerike fellesskapet som har sett Volda på det internasjonale kartet.

- Høgskulen spelar nok ei viktig rolle i det internasjonale arbeidet i Volda, men mange  andre ”trådar” knyter også Volda-miljøet til fattige land i ”sør”. Eit stort innslag av studentar og andre grupper frå  land i ”sør”, har sikkert medverka til  at vi har lært å sette pris på det ”fargerike fellesskapet” vi har i Volda, seier Norleif Vik ved Høgskulen i Volda. 
- Vi vil også heilt sikkert sette pris på å få besøk av Shabana Reman  på tirsdag den 10.mai, då ho vil leie festarrangementet i kantina ved Berte Kanutte-huset ved høgskulen, der Volda kommune får sin pris i tillegg til at der blir eit rikhaldig program som er gratis og opent for alle. Før programmet startar kl 18.30 kan ein m.a. få  smaksprøver på ulike spennande matrettar frå land i ”sør”.

VOLDA OG INTERNASJONALT ENGASJEMENT
”DER MENNESKER MØTES”  blir m.a. arrangert i kommuner der Fredskorpset har prosjekt slik som ved Høgskulen i Volda. Fredskorpset  har  såleis  vurdert om Volda kunne innfri krava om å bli internasjonal kommune  og  i denne vurderinga spelar også Høgskulen ei viktig rolle med sine mange ”nord  -sør” kontaktar.

I samarbeid med Høgskulen har Volda kommune lagt ned eit omfattande arbeid for  planlegge Fredskorpsarrangementet ”Der Mennesker Møtes”(DMM) –  i Volda den 6.-11.mai. I samband med  arrangementet vil kommunen bli tildelt prisen som Internasjonal kommune på ”Festaften” i Berte Kanutte-Kantina tirsdag den 10.mai.
”Der Mennesker Møtes” betyr i denne samanhengen på tvers av kulturgrenser, der viktigaste målet er å skape eit betre grunnlag for samarbeid og forståing mellom ”nord og sør”og for ei global felles framtid. Dette er målsettingar som vi alle bør vere opptatt av.  Fredskorpsets DMM-arrangement har oftast blitt lagt til større byar i Norge, men frå 6.-11. mai dette året vil dei satse på Volda. 

Det norske Fredskorpset har eksistert sidan 1960-talet, og svært mange nordmenn og nokre Voldingar har  gjennom dette tidsromet vore Fredskorpsdeltakar i ulike land der Norge har hatt bistandssamarbeid. I dag er Fredskorpset omorganisert og har vekt på utveksling av deltakarar mellom ulike Partnarar i ”nord” og ”sør” – i rike og fattige land.

Høgskulen i Volda har sjølvsagt ei viktig rolle når det gjeld å gjere Volda internasjonal.
Både Høgskulen og andre arbeidsplassar i kommunen har stor gjennomtrekk av folk som har internasjonal erfaring og kontaktflate. Dette berre aukar i omfang og stadig fleire studentar og tilsette deltar i internasjonal utveksling. Deler av dette  samarbeidet over landegrenser foregår mellom fattige og rike land. 

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for lærarutdanning (Tidlegare lærarhøgskulen), har vi 30 års tradisjon med Samfunnsfagstudentar på studietur til Afrika. ”Nord”-”Sør” problematikken har naturleg nok hatt ein viktig plass i studiet for Samfunnsfagstudentar.
På det obligatoriske studiet NSM (Natur, Samfunn, Miljø) i lærarutdanninga er den skeive fordelinga mellom fattige og rike land Agenda 21, Lokal Agenda 21 og  FNs Tusenårsmål sentrale tema.
Høgskulen har frå 2004 fått i gang eit Fredskorpset-Ung-prosjekt med utveksling av lærarstudentar  mellom Volda University College og fire Afrikanske Partnar-Colleges i Namibia og Malawi. Åtte norske lærarstud drar til Afrika og åtte Afrikanske lærarstud  kjem til Norge i løpet av vårsemesteret. Dette er også ein del av eit halvt års studium for dei 16 utvalgde studentane. Studiet blir kalla Utveksling for Utvikling / Exchange for Development. og gir 30 studiepoeng. Heile Utvekslingsprogrammet er finansiert av Fredskorpset.

Ved HVO har ein også studiet Norsk for Utanlandske Studentar(NUS) der ca 25 studentar frå ”Sør” studerer norsk i eit heilt år. I tillegg til det har vi fleire studier ved HVO der studentar og lærarar drar på Studiereiser / Praksis til fattige land i sør. Høgskulen er såleis i høg grad med på å skape eit internasjonalt studentmiljø i Volda.

Volda som internasjonal kommune
Fredskorpset ønskjer å engasjere menneske i kommunar og lokalsamfunn til å arbeide aktivt for ein god ”nord-sør”-politikk.  Der Mennesker Møtes- arrangementa skal også motivere kommunane til dette. Nokre få norske kommunar har  vennskapskommunar / partner i ”Sør”. Ei av desse er Skodje kommune  som har fått vennskapskommune i Kenya (Voi).  Mange ”trådar” knyter også Volda kommune til fattige land i sør i tillegg til alt som foregår ved Høgskulen.   

Vi som  bur i Volda, vil gjerne markere at vi er mange som engasjerer oss i ”nord-sør”-spørsmål. Volda-borgarar som på ulike måtar har hatt engasjement / lengre opphald  i fattige land i ”sør” blir spesielt invitert til å møte fram til å delta i Framtidsverkstaden og Festaften på tirsdag den 10. mai. Dette kan vere folk som har arbeidd i Fredskorpset, NORAD eller FN, i Frivillige organisasjonar (NGOs) som Kirkens Nødhjerlp, Redd Barna, Norsk Folkehjelp, Røde Kors, Misjonsorganisasjonar eller av andre grunnar har eit spesielt engasjement Vi vonar også at flest mulig av utlenningane i Volda møter fram for å bidra med noko frå sin kultur / klesdrakter / evt underhaldning / matservering osv. Vi vil ta kontakt med ulike grupper av utlenningar knytt til Høgskulen om dette.

Tirsdag den 10.mai blir det som sagt, eit større arrangement her i Volda. Frå klokka 1430 til 1700 vil grupper av inviterte Volda-borgarar sitte saman for å drøfte Framtida.  Dette blir så avslutta med ”Festaften” og program.  Den kjende ”standup-komikaren” Shabana Reman vil vere festleiar og programmet vil elles vere prega av lokale innslag (Sjå program).

Alle bør kjenne til FNs Tusenårsmål. Etter at grunnskuleelevar og elevar ved vidaregåande skule har dette som tema på mandag og tirsdag, kan studentar og andre møte fram på Kårstad 204(Gamle Festsal) for å lære om FNs Tusenårsmål på onsdag 11/5 frå 10.15-12.00.

www.fredskorpset.no

Del på