Søkjarar etterspør lærarutdanninga i Volda
- Til no har vi sendt ut 59 tilbod om studieplass på allmennlærarutdanninga, seier studiesjef Gonnie Smit Løseth ved Høgskulen i Volda. Vi har 60 studieplassar - og kan få fråfall, så det kan framleis opne seg studieplass for dei som er raskt ute.
- Sjølv om søkjartala ved allmennlærarutdanninga går ned på landsbasis, trur eg likevel vi får fylt dei plassane vi har i Volda, seier Smit Løseth.
|
Det å vere student er noko heilt anna enn å vere elev, og mange lurer på kva som eigentleg er forskjellen. – Som student styrer ein kvardagen heilt sjølv, og på den måten blir det stilt større krav. Det er betre å studere enn vi trudde, mykje fordi det er sosialt og vi har fått mange nye venner, seier Anne og Ida, som begge er studentar ved Høgskulen. Les meir - .. |
![]() |
- Vi har håp og tru på at vi får ein av dei beste skulane i framtida. Det er der vi er og det gir motivasjon, seier Elena, Laila og Andreas som er allmennlærarstudentar ved Høgskulen. Lærar er ei av yrkesgruppene som kan sjå lysast på framtida, om ein ser på arbeidsmarknaden i åra framover. Les meir - .. |