Spennande praksis i Kenya

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulelektor Ingunn Klepp med ansvar for praksisplassering i Kenya har sjølv jobba for Child Welfare Society of Kenya i tre år, og er godt kjend i Afrika. Ingunn Klepp og praksisansvarleg Jan Einar Flø er nett komne attende frå ei rundreise der dei vitja studentane som er plasserte i ulike delar av landet.

Child Welfare Society of Kenya driv både barneheimar, verksemd i høve skular i lokalmiljøet, fosterheimsplasseringar og adopsjon. Mykje av arbeidet er retta mot familiar der HIV og AIDS er grunnlaget for mange av utfordringane.

Det verkelege Afrika
- To jenter utplasserte på ein liten barneheim i Bungoma på grensa til Uganda i aust. Dette er langt ut på landsbygda, og desse studentane har verkeleg møtt det verkelege Afrika, fortel Ingunn Klepp.
- Studentane fungerer svært godt i praksisen og dette er ei ordning som vi verkeleg vil satse på.

Kulturmøte
Høgskulen i Volda har god kontakt med dei ulike praksisvegleiarane, som oftast er kenyanske sosialarbeidarar.
- Ein møter ulike kulturar både i vegleiing og elles, og det er viktig at desse får godt informasjon om korleis våre studium fungerer, seier Klepp.
- Praksisen i Afrika utfordrar studentane både når det gjeld haldningar og kulturar, så ballasten dei får med seg heim er svært verdifull i ettertid.

Barnevernstudenten-Renate-O

Barnevernstudenten Renate Oord på hybelen sin under praksis i Nanyuki, kenya


Ei-skuleklasse-ved-Arap-Moi

Ei skuleklasse ved Arap Moi Childrens Home i Nakuru


Gjennomgang-av-avtale-om-ke

Gjennomgang av avtale om kenyanske studentar til HVO


Her-fortel-Renate,-Eline,-L

Her fortel Renate, Eline, Lindy og Birute om spanande erfaringar frå praksisopphaldet i Nanyuki- ved foten av Mount Kenya.


Ingun-far-praktisere-swahil

Ingun får praktisere swahili for svært lydhøyre ungar ved barneheimen i Nakuru


Jan-Einar-Flo,-Pius-Mutuku-

Jan Einar Flø, Pius Mutuku Mutie og Ingun Klepp ved Faculty of Arts in Social Work


Jan-Einar-Flo-saman-med-stu

Jan Einar Flø saman med studentane i Nanyuki

Laerarstudentane-Oddbjorg-M

Lærarstudentane Oddbjørg Myklebust og Christel K. Ebbestad har praksis saman med barnevern og sosionomstudentar i Nakuru.


Laerarstudenten-Oddbjorg-My

Lærarstudenten Oddbjørg Myklebust med ein liten venn på fanget ved Arap Moi Childrens Home i Nakuru


Og-her-mote-med-studentane-

Og her møte med studentane i Nakuru; Lene Hovde, Øivind Wold og Marita Dahle


Overrekkjing-av-gave-fra-No

Overrekkjing av gåve frå Noreg


Praksisrettleiing-i-skyggen

Praksisrettleiing i skyggen


Paa-besok-hja-Silje-Fresjar

På besøk hjå Silje Fresjarå og Marianne Vadøy ved barneheimen i Bungoma - nær grensa mot Unganda.


Tom-Aksel-Norum-og-Rolf-Hel

Tom Aksel Norum og Rolf Heller i godt lag med rettleiarane sine ved Child Welfare Society sin avdeling i Byen Kisumu - ved Lake Victoria.

Vi-vitjar-University-of-Nai

Vi vitjar University of Nairobi.


IMG_4592

Lindy lagar perlesmykker saman med dei eldste jentene på barneheimen

Del på