Spenningskurset i full sving på Bjorli

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Mange hadde møtt fram til opninga med sang, dans og rakettoppskyting. Sjå bilete frå opninga.

- Spenningskurset har over 140 deltakarar med ulike hjelpebehov, 115 instruktørar (50 frå kroppsøving årsstudium ved Høgskulen og 8 utvekslings studentar frå Afrika, 40 frå Adventura, Møre folkehøgskule og 15 frå vernepleiarutdanninga ved Høgskolen i Molde. I tillegg kjem følgjer og mykje familie. Samla vert det over 400 deltakarar, seier Arnesen.

- Vi håpar på mykje godt vèr, god stemning og fine snøforhold heile veka, for dette er årets store "happening" for mange av deltakarane.

Årleg oppleving
- Dei fleste deltakarane kjem att år etter år, og det er nok noko av det som gjer det så givande, fortel også Øyvind Hagen som er med frå lærarutdanninga i Volda.

Sjå og les meir om Spenningskurset på www.spenningskurset.no

 

Del på