Spesiell konsertframføring med start tysdag 8. april

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Eit lag av 10-12 lærarar, studentar og elevar ved Høgskulen i Volda og Volda vidaregåande skule startar i aulaen i Kaarstad-huset kl 18.00, på dei 840 repetisjonane som ikkje er ferdigspelt før kl 18.00 onsdag ettermiddag. Det skal med andre ord spelast heile natta og pianistane skal sove på skift i sovepose i tilstøytande øvingsrom medan medstudentar tek billettar og steiker vaflar til publikum.

Komponisten sine instruksjonar

Erik Satie (1866-1925) var ein sentral figur i fransk musikkliv tidleg på 1900-talet. Han var det ideologiske førebilete for ein heil generasjon unge franske komponistar som Francis Poulenc, Arthur Honegger og Darius Milhaud.Vexations (som kan omsetjast med ”plager” eller ”forargingar” …) frå 1893, er på berre fire notelinjer, der den første er ei einsleg melodilinje, den andre ei harmonisering av melodilinja, den tredje ein repetisjon og den siste ein variasjon over den andre. Saties instruksjonar er at dei fire linjene skal spelast ”svært langsomt” og ”for å spille dette motivet 840 ganger etter hverandre, anbefales det å forberede seg på forhånd, i dypeste stillhet, med åndelig ubevegelighet” …

”Vexations-effekten”

Stykket har vore framført fleire gongar over heile verda. Dei med godt minne hugsar kanskje den norske førsteframføringa med musikkskuleelevar på Ørsta Bedehus seint på 80-talet og framføringa i Berte Kanutte-huset i samband med Voldadagane i 1999. Vanlegvis blir stykket spelt i uformelle omgjevnader, men framføringa i neste veka vert som ein ”ordinær” konsert, bortsett frå at det vil vere mogleg å kome og gå når som helst i løpet av det døgnet konserten held på (også midt på natta) og at arrangørane ikkje reknar med at nokon vil vere til stades heile tida … Publikum blir likevel oppmoda om å sitje minst ein time for å få ei kjensle av ”Vexations-effekten”.

I samband med konserten vil musikkstudentar selje kaffi og vaflar til inntekt for klassetur og i gangen utanfor aulaen i Kaarstad-huset vil det verte moglege å lese artiklar om verket. Publikum vil og få utdelt eit spørjeskjema der dei får kome med reaksjonar og kommentarar til konserten.

 

Er kan du sjå konsertplakaten.

- Bård Dahle, musikkseksjonen

Del på