Stein P. Aasheim fylte auditoriet ved HVO

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

aasheim

- Mange spør meg om førebilete – og då må eg innrømme at det verken er Amundsen eller Nansen, men faktisk Clint Eastwood, fortalde Aasheim. Det klaffa i alle fall bra med dette bilete, kommenterte han med eit smil.

Stein P. Aasheim har mellom anna overvintra på Svalbard med familien og sykla gjennom Sahara. Dette var nokre av opplevingane han delte med eit fullsett auditorium torsdag.

Inspirasjon for fagmiljøet
- Vi er kjempenøgde med interessa folk i alle aldersgrupper har for friluftsliv, det viser oppmøtet her i dag, kommenterte også Frode Sætre frå Seksjon for Idrett og friluftsliv, Avdeling for kulturfag etter føredraget.
- Stein P. Aasheim hadde gode tekstar til bileta, som både var ironiske og stemningsfulle, i flott kombinasjon med ein meir alvorleg undertone i mange av motiva.
- Stein sitt personlege preg og lune humor, og ikkje minst fantastisk flotte bilete sette ein spiss pådet heile. Vi er glade for å ha ein internasjonal friluftsmann av hans kaliber knytt til avdelinga – det gir alle som arbeider her også fantastisk inspirasjon.

- Målet med slike føredrag er å drage parallellar frå dei ekstreme ekspedisjonane til friluftsliv for dei fleste, uttrykte Aasheim sjølv. Han understreka at vendepunktet for han var når han såg verdien i å setje pris på det ein har og opplever til dagleg.

Del på