Studentar frå Media, IKT og Design med live-sending av teknologiturnering.

Tekst: Torbjørn Frantsen

- Oppdatert

Dette gir studentane ei verdifull praksis i planlegging og gjennomføring av ei direkteoverføring av turneringa til både storskjermar og Internett, fortel Kjetil Vaage Øie, som er lærar i bachelorgraden i Media, IKT og Design ved Høgskulen. -Studentane har førebudd seg i om lag 4 veker, så det skal bli kjekt å endelig komme i gang med ei verkeleg turnering i staden for å trene med radiobilar i kjellaren på idrettsbygget.
 
lego1
Bilete frå fjoråret si sending.
 

Har vorte ein tradisjon
Studentane på Media, IKT og Design har vore med på FIRST LEGO League flerie år på rad. -Dette har nærast vorte ein tradisjon og studentane er fornøgde kvart år, men få klarar å førestille seg kva som ventar på sjølve turneringsdagen. Det er ei stor utfordring å fokusere på arbeidsoppgåvene sine når det står 400 barn rundt dei og heiar og ropar. Då må dei halde tunga beint i munnen seier Øie.

Media, IKT og Design
- Praksisen i First Lego League passar fint til dette emnet som kallast Multimedia og eventproduksjon. Hovedføremålet med dette er å tenkje multimedialt og kunne vere i stand til å dekkje store eventer. I tillegg til dette emnet gir studiet dessutan høve til spesialisering i medie- og informasjonsteknisk arbeid retta mot næringslivet, skule og spesialisering mot vidare studiar på masternivå, fortel han.
Les meir om studiet på www.hivolda.no/mid


Sendinga er no over. MID-studentane frå Avdeling for kulturfag gratulerer Ludens som vinnarar av årts FLL-turnering i Ålesund og ynskjer dei god tur til skandinavisk finale i Danmark.

Les meir om First Lego League på: http://www.hjernekraft.org/

Del på