Studentar frå musikkutdanninga til tyrkisk studentveke

Tekst: Webmaster Volda

TREFIR består av fire musikkstudentar, og er mellom anna kjende frå semesteropninga ved Høgskulen i Volda, internasjonal dag og ulike huskonsertar.

- The Spring Festival er ein internasjonal festival med studentar frå Ungarn, Polen, Tsjekkia, Romania, Tyskland, Tyrkia og no også frå Volda, fortel internasjonal koordinator ved Avdeling for lærarutdanning, Kjell Holby.

Tettare kontakt og meir utveksling
TREFIR vil framføre både song og instrumental musikk i ulike sjangrar. Det er også snakk om at skal halde ein workshop i norsk medan dei er i Tyrkia.

- Høgskulen fekk invitasjon frå Tyrkia tidlegare i år. Dette er ei flott moglegheit for Volda til knyte enno tettare kontakt og legge til rette for meir utveksling til partnarane våre i Tyrkia.

Studentane frå Volda reiser til Tyrkia 29. mai, og kjem attende 6. mai.
- Vertane våre er sjenerøse, og stiller med kost og losji, samt lokal transport til oss som gjestar, seier Holby.

Les meir om Estetiske fag: Musikk - kunst - drama/teater

Del på