Studentar til topps på Mount Kenya

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Etter eit hardt inngrep på ein liten butikk sitt vasslager, gjekk vegen vidare til Mt. Kenya nasjonalpark. Der stod eit 20-talls berarar og nokre guidar for å ta oss med oppover mot ca 5000 meter. Vi var ved porten ca klokka 14.30.
- Turen mot toppen starta klokka 15.00. Dei profesjonelle berarane var utrolig godt trena!! Dei sprang nesten hele den lange turen opp til Met-station for a lage mat til oss.

Ved-Met-station-01.mars_2

Klar for dei store høgdene!

Yrande fugle- og apeliv
- Vi hadde i alle fall 10 liter vatn i kvar av sekkane, men turen opp dit gikk unna på 3 timer for oss studentane.
- Sjølv om det var høgt over havet, gjekk turen forholdsvis raskt, det sa i alle fall den eine guiden til oss. Gjennom regnskogen, som faktisk hadde eit yrande fugle- og apeliv, gjekk studentane utan å heilt vite kva som venta dei.

Fantastisk middag!
- Då vi kom oss opp til Met-station venta berarane med ein helt fantastisk middag til oss på 3049 meter!
- Vi hadde ikkje venta oss så god mat langt til fjells i Kenya!
- Med turen til Sagat framleis friskt i minnet, trudde vi nok at mat ville komme til å vere av ein noko dårlegare karakter;)

Yrande edderkoppliv
- Då natta kom og vi skulle legge oss, vart mange overraska over eit yrande edderkoppliv inne i hytta vi skulle sove i. Edderkoppar store som tiøringar var nok til å skræme vatnet av dei fleste.
- Sjølv om dei ikkje var giftige (trur vi)...

Gode gamle Porsgrunn porselen
- Toalettbesøk var eit lite prosjekt i seg sjølv. Først måtte ein ta med ein ekstra person som kunne halde ein med selskap – sidan bøffeloksar faktisk kunne lure i skogkanten.
- Eit hol i golvet var det som skulle treffes av ekskrementa våre. Det var tydeligvis ikkje alle som hadde forstått det...
- Vi sver til Porsgrunn porselen!

Les meir på Kenyaturen online!
Les meir i det spennande reisebrevet frå siste veka.

Del på