Tidlegare studentar tilbake på fagseminar om spesialpedagogikk

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

klassa-525

Fagdagen ved Høgskulen i Volda samla om lag 30 spesialpedagogar og andre. Spesielt vart dei tidlegare masterstudentane gjeve litt ekstra heider.
- Vi har uteksaminert 26 masterstudentar siste fire åra, og desse er vi veldig stole av, kommenterer Grete Dalhaug Berg i Seksjon for spesialpedagogikk ved  Avdeling for lærarutdanning.
- På fagseminaret evaluerer vi det som har gjort dei fire siste åra, i tillegg til å få viktige innspel frå eksterne fagfolk.
Les meir om programmet

ranv_525
Spesialpedagog Ranveig Velle Vedeld (midten) under fagdagen i Volda.

Godt opplegg i Volda
Av dei tidlegare studentane møtte mellom anna Ranveig Velle Vedeld, som no arbeidar som spesialpedagogisk koordinator ved Stadtlandet oppvekstsenter, der barnehage og skule er samla med born frå 0 år og opp til 10 klassetrinn.

- Eg leverte masteroppgåva med tittelen ”Analyse av mobbeprogram” hausten 2005, fortel ho.
- Det var nokre matnyttige år her i Volda. Spesielt medan eg heldt på med sjølve masteroppgåva gav rettleiinga frå fagmiljøet her i Volda den gnisten som skulle til for å reise heim og få arbeidet til å verte enno betre.

- No i ettertid ser eg at det eg lærte under studia har gitt med eit løft i arbeidslivet som eg ikkje kunne tileigna meg åleine.
- Rettleiinga var veldig god, presis og konkret – og det gjev resultat, legg ho til.

- I arbeidet mitt no er nyanseringa av omgrepa og metodane viktig.
- Ta for eksempel skilnadene mellom tilpassa opplæring på den eine sida og spesialundervisning på den andre sida.
- Det er veldig viktig å ha eit godt fagleg grunnlag når ein arbeidar med desse spørsmåla.

ranv2-525

Del på